Herøy kommune ser ingen grunn til å ta vedtaket om ikkje å kjøpe Sandebukta fiskerihamn opp til ny vurdering. Oppmodinga frå Søre Sunnmøre fiskarlag har ikkje tilført saka nye moment, heiter det i eit notat til formannskapet.

Fiskarlaget ser det som uheldig at hamna kan kome på private hender. Det blir peika på at sjølv om det ikkje ligg fiskebåtar på hamna vinteren, blir hamna og kaia nytta av dei lokale sjarkane i samband med bruksskifte.

På Sande er det fleire ungdomar som er i ferd med å ta fiskarutdanning, og fiskarlaget meiner kommunen ikkje kan gjere det slik at desse ikkje kan nytte heimehamna i framtida.