– Scena vert sett opp der borte på handikapparkeringa, seier festivalleiar Karl Petter Sortehaug, og peikar på to markerte oppstillingsplassar tett att med Herøy rådhus.

– Og der ..., seier han og viser til radene med parkeringsplassar nærast vegen, – ... skal vi ha eit 30 meter langt telt med sitjeplassar til 250 personar.

I tillegg vert det sjølvsagt «dansegolv» i friluft. Totalt får deltakarane på årets sommarfest 1500 kvadratmeter å boltre seg på.

Underhaldning

Det store musikalske trekkplasteret på sommarfesten er Trang Fødsel, som skal spele konsert på laurdagen. Han varmar opp for det lokale bandet Sytalaust, som spelar seinare på kvelden.

I tillegg skal Herøy kulturskule skal ha sin årlege sommaravslutning.

Ikkje minst, vert det familieshow med multikunstnaren Haakon Esplo, som mellom anna er musikar, komponist, tryllekunstnar og buktalar.

Ungdommens kveld

Nytt av året er det at fredagskvelden er øyremerkt ungdom over 18 år.

– Dei styrer seg sjølve, og skal lage til eit opplegg i teltet, seier Sortehaug.

Foto, film og gamle båtar

Styreleiar Robert Voldnes i Herøy kystlag fortel at dei ønskjer å lage til film- og bildeframsyning i Nyskapingsparken gjennom heile festivalen.

– I tillegg håper vi å kunne bruke laurdagen til å halde ei fin utstilling på Allmenningskaia, med båtar, motorar og gjenstandar. Det vert som eit utandørs museum, men det er sjølvsagt avhengig av vêret, seier han.

Kystlaget inviterer også til båttreff på gjestebryggene, i håp om å trekkje folk til Fosnavåg.

– Vi jobbar dessutan med å få til eit event-båttreff på laurdagen, seier Voldnes.

Moteshow og nattoutlet

Tradisjonen tru, vert det moteshow, der lokale butikkar viser fram kva dei har å by på.

– Og så skal vi ha nattoutlet, seier Maria Sporstøl Leine i butikkgruppa.

Frukost, kaker og gudsteneste

I år vert det også laga tradisjon av det kjempelange sunnmørske kakebordet som Saniteten organiserer. Dei stiller også med gratis frukost i teltet på laurdagsmorgonen.

Det vert, som tidlegare år, også invitert til utandørs familiegudsteneste på søndagen.

Tre festivalspirer i lære

Sommarfesten er eit samarbeid mellom Fosnavåg handelsforening, butikkgruppa, Herøy kystlag, Herøy kommune og Herøy næringsforum (sponsor). I år har dei elles god hjelp frå tre unge «lærlingar»: Karoline Velsvik Sivertsen, Carl-Henrik Moltumyr og Kristian Remøy Bakke.

– Vi arrangørane byrjar å kome opp i åra, og det er meininga at desse ungdommane skal ta over ansvaret etter kvart, seier Karl Petter Sortehaug.