– Eg har framleis ikkje fått tilbakemelding frå kontrollutvalet på om dei har teke imot brevet, eller om saka er teken opp.

Det seier Bjørn Martin Aasen i ein kort kommentar til Vestlandsnytt.

Lesarinnlegg vart sak

26. september i fjor tok kontrollutvalet i Herøy opp Aasen si sak, basert på to lesarinnlegg Aasen hadde i Vestlandsnytt. Dei var daterte 21. august 2018 og 21. september 2018.

Etter førespurnad til rådmannen, fekk Aasen sist haust innsyn i protokollen frå kontrollutvalet si behandling av saka hans. Kontrollutvalet konkluderte her med at det han tok opp er «knytt til få enkeltsaker som er løyste ut frå Arbeidsmiljølova og gjeldande avtaleverk i kommunal sektor».

Imøtegjekk behandlinga

I brevet den tidlegare kommuneoverlegen sende til kontrollutvalet i februar i år, skriv han mellom anna:

– Gjennomgang av protokollen i sak 28/18 stadfestar på nytt at kontrollutvalet ikkje lever opp til dei vedtekne etiske prinsipp om «Respekt, tillit og samhandling». Det hadde vore uproblematisk for kontrollutvalet, som ein del av sitt saksgrunnlag, å be om den dokumentasjon som ligg til grunn for mine innlegg.

Deretter tok Aasen opp ei rekkje konkrete merknader og punkt knytt til saka.

Eitt av hans ankepunkt mot kontrollutvalet er at kontrollutvalet gjennomførte drøftingar i saka, der det òg vart gitt personsensitive opplysingar.

– Det må bety at kontrollutvalet gjekk gjennom konkret kvar av dei enkeltsakene som var nemnde i mine innlegg. Dei personane sakene omhandlar er såleis å rekne som partar i saka, også i kontrollutvalet. Dei var ikkje informerte om at kontrollutvalet skulle gjennomgå sakene deira, heiter det mellom anna frå Aasen.

Berre ei side av saka?

I brevet skriv Aasen at kontrollutvalet, under si behandling sist haust, gjorde eit vedtak som stadfestar at det berre er rådmannen (forvaltinga) si orientering som er lagt til grunn for utvalet sin konklusjon.

I brevet tok Aasen mellom anna også opp ein «fryktkultur»:

– Eg har etter avisinnlegga blitt kontakta munnleg av nokre personar som fortel at dei har opplevd det same, men ikkje torer å ta opp si sak, mellom anna av frykt for represaliar.

Mellom dei alvorlege punkta frå Aasen er også avsnittet om «hemmeleg og ulovleg registrering av medarbeidarar si arbeidstid». Den saka er ifylgje Aasen ikkje avslutta verken i høve til Arbeidsmiljølova eller Hovudtariffavtalen.

Støylen: – Saka blir drøfta

Vestlandsnytt har ikkje lukkast i å få kommentar til denne saka frå leiar i Herøy kontrollutval, Gerhard Furø. Men vi fekk ein prat med dagleg leiar i Vest Kontroll, Jostein Støylen.

– Vi kjenner til brevet frå Aasen. Det kom oss i hende om lag då førre møte i Herøy kontrollutval vart gjennomført, 20. februar. Sidan rekneskapen ikkje låg føre til då førre møte var oppsett, vart det neste møtet flytta til 22. mai, seier Støylen.

Han seier brevet til Aasen då kjem til å bli teke opp i utvalet.

– Eg vil streke under at dersom nokon vil klage på eit vedtak i kontrollutvalet, så er det kommunestyret som er klageorgan. Kontrollutvala rapporterer nemleg utelukkande til kommunestyret, seier Jostein Støylen.

Han slår fast at det ikkje er heilt vanleg, slik kontrollutvalet gjorde sist haust, å ta opp saker basert på lesarinnlegg.

– Men det kan skje. Vi les sjølvsagt lokalavisene, og der kan det dukke opp saker som kontrollutvala reknar som tips. Det vart gjort i dette tilfellet.

– Så det var kontrollutvalet som, utelukkande og på eige initiativ, tok opp saka?

– Det stemmer.

– Aasen skriv mellom anna at han hadde venta at kontrollutvalet tok kontakt for å få supplerande opplysingar?

– Det er opp til kontrollutvalet å avgjere korleis dei behandlar sakene. Når det er sagt, er det heller ikkje uvanleg at kontrollutvalet ber revisjonen, og i enkelte tilfelle også ein advokat, om å gå meir grundig inn i sakene. I dette tilfellet vart det ikkje gjort. Kontrollutvalet behandla denne konkrete saka der og då, opplyser Jostein Støylen til Vestlandsnytt.

Støylen legg elles til at når det blir sendt brev til kontrollutvalet, så har utvalet i utgangspunktet heller ikkje krav på seg til å kome med ei tilbakemelding.