Vestlandsnytt UNG på skulebesøk

For eit par veker sidan tok vi turen til Sandsøy oppvekstsenter (6. til 10. klasse) og Ytre Herøy ungdomsskule (8. trinn).

I tillegg til å snakke om Vestlandsnytt UNG-satsinga, diskuterte vi litt rundt mediebruk og media si samfunnsrolle. På Sandsøy oppvekstsenter køyrde vi endåtil debatt! Kva som vart sagt kan du lese i ein annan artikkel på nett, og på UNG-sidene.

Etter besøket, vart elevane oppmoda om å leggje oss til på Snapchat (vnyttung) og å hashtagge bilde på Instagram med #vnyttung (for då kan de kome på trykk!). Ikkje minst vart dei oppmoda om å sende inn lesarinnlegg, teikningar, noveller eller anna dei kunne tenkje seg å dele med våre lesarar.

Er der fleire som kunne tenkje seg besøk på skulen? Kanskje vi kan køyre debatt om eit tema de interesserer de for. Send oss gjerne tips med forslag til tema.