Bør vi ha aldersgrense på smarttelefon?

– Eg synest aldersgrensa bør vere på mellom sju og ti år, for der er veldig mykje på Internett som ikkje bør bli sett av små barn, seier Ada Alexandra Brekke Olsen (15).

– Eg meiner det bør vere 12–13-årsaldersgrense. Er du yngre, er det lettare å gjere feil og sjå ting du ikkje bør sjå på. Viss du treng å ringe foreldra dine, kan du berre låne ein telefon av ein vaksen, seier Aili Serine Bringsvor (14)

– Eg synest aldersgrensa bør vere på 10–12 år, for det er mykje rart på nettet. Dei som er yngre bruker no helst telefonen til å spele på, og då kan dei heller ha eit nettbrett eller noko sånt, seier Ivar Mork Vorren (14).

– Eg meiner at foreldre har eit ansvar for å sjå an utviklinga til barnet og kor klart barnet tenkjer, før dei vurderer å gi han eller henne ein smarttelefon, seier Juliane Voksøy Bringsvor (14).

– Aldersgrensa bør vere minst 7–10 år, og etter det bør foreldra kjenne ungen sin godt nok til å vite om han er ansvarleg nok til å få ein telefon eller om han bør vente, seier Alvhild Våge (15).

Bør der vere reglar for kor mykje vi kan bruke telefonen i løpet av ein dag?

– Det treng ikkje vere ein konkret tidsavgrensing, men når foreldra seier at «no er det nok», så sluttar du, seier Alvhild.

– Det er kanskje viktig å oppmuntre barna til å gå ut og finne på noko sosialt i lag i staden for, som til dømes fritidsaktivitetar, seier Juliane.

Er det greitt at foreldre følgjer med på det du driv på med på telefonen?

– Viss du er 16-17-år gammal, må du kunne ha ting for seg sjølv. Men for yngre, er det greitt at foreldra veit kva du driv med. Det kan til dømes hende at der er nettmobbing, og då burde foreldra vite om det, seier Ada.

– Men viss foreldra vil sjekke mobilen til ungen sin, så må dei få eit heilt klart ja, for dei bryt berre tillita viss dei gjer det i smug, seier Juliane.

– Når ein har kome i tenåringsalderen, så fortener du eit privatliv. Eg er sikker på at då foreldra mine var på vår alder, hadde dei ikkje likt det om deira foreldre kika i dagbøkene deira til eksempel, seier Emilie.

– Viss foreldre er urolege for kva barna gjer på mobilen, kan dei heller snakke med barnet i staden for å spionere, seier Aili.

– Eg synest det er greitt at foreldre følgjer med på kva du gjer på sosiale media, men dei treng ikkje passordet ditt. Viss du er open om kva du gjer og kva som skjer, så trur eg ikkje dei har behov for å sjekke, seier Alvhild.

– Det er litt dumt viss foreldre går gjennom mobilen, og så kjem dei over samtalar med venner. Då går dei litt inn i privatlivet til andre barn også, seier Aili.

Nettmobbing

– Der er appar, som til dømes Tellonym, der ein skriv meldingar anonymt. Då veit du ikkje kven som skriv til deg, seier Ada.

Kva kan ein gjere for å unngå/redusere nettmobbing?

– Viss du har opplevd mobbing på sånne anonyme plassar og blir sur eller lei deg, vil eg anbefale deg å slette appen i staden for å halde fram med å skrive tilbake og psyke deg ned, seier Emilie Sande Hansen (13).

– Du kan fortelje det til foreldra dine eller nokre andre du kjenner, eller slette appen, seier Oddbjørn Sande Hansen (11).

– Viss du bruker Tellonym, kan du syte for at du berre har nære venner på Snapchat, for då veit du at det er éin av vennene dine som står bak viss det dukkar opp noko stygt, seier Ivar.

– Det er ikkje bra med mobbing i det heile, men når ein skal ha dette anonyme styret, så må ein iallfall vite kor mykje ein sjølv toler. Viss ein toler lite, bør ein ikkje leggje ut lenke til den, seier Torbjørn Baade (15).

– Viss du veit kven som skriv stygt, kan du seie ifrå til ein vaksen, og så kan dei ta kontakt med foreldra til dei som står bak, seier Ada.

Mange foreldre synest barna deira bruker for mykje tid på data- og TV-spel. Bør der vere ei tidsavgrensing på slike spel?

– Det er vanskeleg å forklare foreldre ... du kan ikkje berre avslutte midt i eit spel, seier Arseni Skobelev (14).

– Viss du til dømes ser at det nærmar seg middagstid, så kan du sjå om du rekkjer ei runde til. Gjer du ikkje det, kan du avslutte med ein gong, seier Torbjørn.

– Eg synest kanskje at foreldra bør gi konsekvensar dersom barna ikkje høyrer etter når dei vert bedne om å avslutte eit spel – som å slå av Internettet til eksempel, seier Ada.