Haugen innleia føredraget, som varte i godt over ein time, med å snakke litt generelt. Der opplyste han mellom anna om at det no blir stilt krav til kommunane om at det skal vere ein klar samanheng mellom kommuneplanen og budsjettet.

– Det betyr at de som politikarar må ta større omsyn til kommuneplanen, forklarte Haugen.

Han gjekk deretter over til å prate om Sande kommune, og korleis kommunen står i forhold til dei andre kommunane. Det blei mellom anna lagt fram eit kart som syner at Sande er ein usentral kommune.

– Kva er det som gjer at Sande er så usentralt, og Herøy er så sentralt? Hadde det vore det same om vi slo saman kommunane, ville Bjørn Flatøy (Sande Vest) vite.

– Det handlar om nærleiken, avstanden til eit visst tal på senter, svara fylkesplansjefen.

– Sande er avhengig av innflytting

Som tidlegare omtala i Vestlandsnytt er folketalsutviklinga i Sande sterkt urovekkande. Også fylkesplansjef Haugen såg behov for å slå alarm her.

– Innvandringa har falle frå 90 i 2010 til under ti i 2017. Det er ei enorm utvikling de har hatt der. Sande kommune er heilt avhengig av innflytting for å halde oppe folketalet. Hadde ein stengt kommunegrensene hadde folketalet stadig minka, hevda Haugen.

– Må ha eit sentrum

Han meinte Sande kommune har spesielt ei utfordring.

– De har eit for svakt sentrum. Eg trur det er mange som har hengt seg for mykje opp i det gode liv på landet. Men det gode liv er når du har tilgang på eit vist sentrumsliv. Vi ser at det er dei kommunane som har lite sentrumsliv, som også har minst utvikling. Det er viktig å tenke litt konsentrert, det må Bygde-Noreg om ein skal få gjort noko med den sentraliseringa som er, sa Haugen.

– Mi anbefaling er å satse på sentrum om ein ynskjer vekst, la Haugen til.

Bjørn Flatøy meinte det var vanskeleg i praksis.

– Det er vanskeleg å få til eit sentrum når du har storsentrum som Ulsteinvik og Fosnavåg i nærleiken. Vi har prøvd med butikkar, men det har ikkje lykkast. Vi sit derfor igjen med skular, sa Flatøy.

– Handel er heilt avgjerande. Det er ei av styringspilene til kvar vi oppheld oss, svara Haugen.

Olav Myklebust (Sp) meinte potensialet er til stades.

– Vi ser at Herøy og Vanylven planlegg mykje samarbeid. Vi ligg jo midt i «smørauget». Vi kunne fått tenester hit, meinte Myklebust.

– Må bruke mindre tid på rettferd mellom bygdene

Fylkesplansjefen sa seg samd med Myklebust.

– Dette er diskusjonar dokke bør ta i kommuneplanarbeidet. Problemstillingar ein må få opp. Ein må bruke mindre tid på at det skal bli rettferd mellom bygdene, meinte Haugen.

Ordførar Dag Vaagen (H) meinte Sande kommune allereie hadde byrja å ta viktige grep.

– Bustadstrukturen er i ei gryande endring. Spesielt på Larsnes har vi fått fleire fleirmannsbustadar. Også i Haugsbygda. Vi ser at det er noko vi må satse meir på.

– Vi ligg heilt på topp

Arnljot Muren (Ap) meinte rapporten frå fylkesplansjefen var i ferd med å bli litt for negativ.

– Eg saknar verdiskaping, noko som vier at denne regionen har ei verdiskaping på 76 milliardar kroner. Vi veit av vi ligg heilt på topp. Det gir jo arbeidsplassar, meinte Muren.

– Det er ikkje slik at ein berre ynskjer ein arbeidsplass. Ein ynskjer seg eit fagmiljø. Og har ein vore i byen blir ein vand til det sosiale livet, og då treng ein sentrumstilbod, svara Haugen.

– Må tenke regionalt

– Mitt råd er at de tenker regionalt. Det som skjer rundt har betydning for utviklinga her og. Det må dokke ta omsyn til. Vi blir meir og meir avhengige av det som skjer rundt oss. Det har heilt klart sine styrker den kommunestrukturen vi har i dag, men også sine svakheiter, meinte fylkesplansjef Haugen.

Marion F. Bringsvor (Frp) stilte spørsmål ved kva Haugen ville fram til.

– Seier du at vi er dårlege til kommunal planstrategi?

– Nei, de er dårlege til å orientere dykk til dei rundt, svara Haugen.

– Det du seier er at vi må finne plassen vår i samfunnet? Den regionale plassen vår? Spurde Bjørn Flatøy.

– Sande betyr ikkje så mykje for Norge, men det gjer regionen, svara Haugen.

Han innrømma deretter at det kanskje vart litt frekt, men at det i alle fall fekk fram poenget.

– Det handlar også om at Ulstein er avhengige av oss, og at dei ser oss, kommenterte Inge-Johnny Hide (H) avslutningsvis.