Førre måndag gjekk det ut eit brev frå Sande kommune ved ordførar Dag Vaagen til Insula AS på Storeidøya i Leknes. Her vert det synt til tidlegare dialog om saka, og ein minner om at det om kort tid skal fattast vedtak om framtida til anlegget i Gjerdsvika (Maritim Food).

I går, tysdag, fekk ordførar Dag Vaagen avtalt møte med adm. dir. Sigvald Rist i Insula. Møtedatoen er 6. mai.

Tidleg denne veka skreiv elles nett.no at Maritim Food allereie no tek til å nedbemanne i Gjerdsvika. Dette fordi Unil-oppseiinga no tek til å få konsekvensar, i første omgang for fiskekakeproduksjonen.

I verste fall ...

Ordføraren, saman med rådmannen og representantar frå næringslivet i Gjerdsvika, har varsla Insula at dei vil kunne stille til møte på kort varsel.

– Eitt scenario kan vere at Insula ikkje ynskjer framhaldande drift i Gjerdsvika. Då kan ein tenkje seg at «restproduksjonen», i form av hermetiske fiskebollar og makrellfilet i tomat, også kan stå i fare. Det er her vi ynskjer å vere i forkant. Difor vil vi på eit møte med leiinga fokusere på den maritime og marine aktiviteten som er i vårt område i dag, med spesiell fokus på den tilrettelegginga som i dag vert gjort i Gjerdsvika, seier Vaagen til Vestlandsnytt.

Han sa sist veke at det skisserte møtet bør kunne gjennomførast straks over påske.

Insula AS er eigd av Kverva AS, som er investeringsselskapet der Salmar-eigarane, familien Witzøe, eig det meste.

Når det gjeld produksjon av fiskemat, syner nær historie også at det er føreteke overraskande «slakt» av liknande anlegg også andre stadar i landet.

Har skjedd andre stadar

For to år tilbake vedtok Insula å samle sin norske foredlingsaktivitet knytt til laks, aure og farseproduksjon til Leknes i Lofoten og Kongsvinger. Insula-avdelinga MaxMat i Bodø, kjøpt to år tidlegare, vart vedteken lagt ned. Også fabrikken Loftotprodukt AS i Godvik i Bergen vart nedskalert.

I Gjerdsvika er det 40 arbeidsplassar som står i fare. Også her kjem dei dramatiske endringane to år etter at Insula tok over eigarskapen.

– Her er masse moglegheiter. Smoltproduksjon basert på vatn frå kraftverket kan vere ei av dei. Poenget er at vi må få ein god diskusjon der vi får synleggjere kva moglegheiter som finst, seier Dag Vaagen.