– Vi selde over tusen billettar, og det var ikkje medrekna barn under to år, som har gratis inngang. Så her var det fullt folkeliv.

Det kan kjøkenansvarleg ved opplevingsgarden, Linda Dalehamn og driftsansvarleg Aina Krakset opplyse om. Laurdag kom gjestar frå fjern og nær for å oppleve Hakallegarden i det vakre vårvêret.

– Her var folk frå nær alle nabokommunane, i tillegg til fleire gjestar som kom frå nabofylket og endå lengre frå.

Av aktivitetar som gjekk føre seg under marknadsdagen, kan ein nemne vitjing frå "brannbamsen Bjørnis", lokal mannekengoppvising, traktor- og brannbilturar, besøk av gardsdyra og sist, men ikkje minst, fleire salsbuer.

– Vi måtte faktisk ha fleire Gråtass-traktorar i sving, då etterspurnaden var så stor. Det skjer ikkje kvar dag, opplyser Krakset.

Overskot til gatelys

Hakallestranda Utvikling AS, som er arrangør av marknadsdagen, har avgjort att overskotet frå dagen skal gå til fleire gatelys i bygda.

Fleire nyheiter på garden

Marknadsdagen kan sjåast på som eit startskot for 2019-sesongen til Hakallegarden, som offisielt starta på palmesøndag og vil vare til hausten.

På garden har det elles skjedd saker og ting sidan i fjor. Nytt av året er det at dei no har opna ein stor terrasse med tilknyting til kafeen i løa. Under terrassen er det også kome på plass eit stort inneområde. Dette er noko garden truleg vil nytte godt av, då det gir dei betre moglegheiter for innandørsaktivitetar.

– Vi opplever at garden blir meir og meir populær, og vi jobbar heile tida med å utvikle ting vidare her, seier Krakset som gler seg over å vere i gang.