Dette opplyser ungdomspartiet i ei pressemelding søndag kveld. Herøyværignen tek over vervet frå Håkon Strand, då han er valt som politisk nestleiar i Møre og Romsdal FrP. Han har elles sete som ungdomspartileiar i 4,5 år.

- Vi har mange talent i FpU som vi vil satse på. Då må meir erfarne tre til side og la dei som skal drive FpU i mange år framover sleppe til, seier Håkon Strand

- Viktigast med skule og eldreomsorg

Lovise Nikoline Voldsund har vore i aktiv i Framstegspartiets ungdom i over tre år, og har i dei siste 1,5 åra vore nestformann i fylkeslaget.

- For meg er det viktig at heile fylkeslaget er ein spleisa gjeng. Det er heilt avgjerande for at vi saman skal vinne skulevalet i 2019, seier Lovise i pressemeldinga.

Skule og eldreomsorg er dei politiske sakene som engasjerar ho mest.

- Det er viktig for meg, både i skulen og eldreomsorga, at elevane og brukarane får styre meir over sin eigen kvardag.  Elevar bør få fleire valfag slik at dei kan prioritere det dei vil gjere seinare i livet. Og dei eldre bør få meir fridom til å velje eit tilbod som passar betre for deira kvardag.

Resten av det nye styret består av

Joakim Myklebost Tangen (17) frå Gjemnes er nestformann.

Anbjørn Steinholm Frislid (23) frå Ørsta er økonomiansvarleg.

Silje Sandøy Husøy (17) frå Ålesund og Elias Meringdal (19) frå Molde er styremedlemmar.

Calvian Berget (18) frå Hustad og Sander Hansen (19) frå Ålesund er varamedlemmar.