Det seier herøyværingen Charles Teige som før helga kunne heise flagget til topps på Royal Caribbean Cruises sitt nye flaggskip Spectrum of the Seas.

No gler han seg til å legge ut på jomfrutur med den 168.666 bruttotonn store cruisekjempen til verdas nest største cruisereiarlag.

Som kaptein i det norsk-amerikanske crusereiarlaget har Teige opplevd alt det ein cruisekaptein kan oppleve sidan han begynte i RCCL for 26 år sidan med heile verda som fartsområde.

Eit av dei største

Spectrum of the Sea er langt ifrå det fyrste skipet han har overteke for RCCL. Som ein av reiarlaget sine mest betrudde kapteinar, og ein av dei som har lengst fartstid i reiarlaget, har Teige fått vere med på mange nybygg i løpet av karrieren.

Fleire gonger har han overteke «verdas største», men slik er det ikkje denne gongen.

– Spectrum of the Seas vil vere ein av dei største, og den største av alle som skal gå på Kina, slår Teige fast.

Overlevert i Bremerhaven

Med overleveringa i går blei det sett punktum for eit byggeprosjekt som starta i august 2017. Skipet er bygt av det tyske Meyer-verftet, i byen Papenburg som ligg eit godt stykke oppover elva Ems.

Bukseringa av det 348 meter lange og 41 meter breie skipet omtalar Teige som eit veldig interessant kapittel i seg sjølv, med slusing og mange hindringar som måtte ryddast av vegen på kjempeskipet si ferd nedover elva mot Bremerhaven.

Baklengs ned Ems

– Vi gjekk baklengs ned elva og turen tok 24 timar, fortel Teige på telefonen frå Bremerhaven.

Frå elvemunningen gjekk turen vidare til Skagerak, der skipet har blitt grundig testa før det for nokre dagar sidan var tilbake i Bremerhaven for overlevering.

Skal døypast i Shanghai

Etter at alt er klart for avgang, legg Teige ut på jomfruturen mot Shanghai som blir skipet si heimehamn. Fyrste stopp blir Barcelona, og Teige fortel at det undervegs til Shanghai er lagt opp til ein serie med cruise og anløp av hamner som Napoli og Pireus før Zueskanalen, og Dubai, Indonesia, Singapore, Vietnam og Hong Kong vidare mot Shanghai. Der skal skipet vere framme til dåp 3. juni.

Med Shanghai som base skal Spectrum of the Seas ha eit cruiseprogram som omfattar fire- og femdagars cruise mellom ei rekkje kinesiske, koreanske og japanske destinasjonar.

Rike kinesarar

Teige fortel at skipet er bygd med tanke på å skulle vere Royal Carribean Cruises si nye satsing på den kinesiske cruisemarknaden. Rike kinesarar er kresne kundar, men om bord i Spectrum of the Seas meiner han sjølv dei mest kravstore vil bli tilfresstilte.

– Her om bord vil dei finne alt mellom himmel og jord av det mest spektakulære eit slikt skip kan tilby både med underhaldning og aktivitetar av alle slag. Kinesarane er som kjent glade i shopping, og heller ikkje på det området skal vi skuffe dei. Ei heller når vi kjem til mat, seier Teige.

Avansert og grønt

Også teknisk og miljømessig er fartøyet mellom det mest avanserte som finst.

– Vi har bygd eit veldig miljøvenleg skip etter krava til grønt sertifikat frå DNV, fortel Teige.

Stor internasjonal bedrift

Det er ikkje berre eit stort skip, men ei internasjonal bedrift av stort format, 56-åringen frå Nerlandsøya skal ha ansvaret for som kaptein på skipet med over 7000 menneske om bord. Mannskapet på 1700 personar representerer til saman 70 ulike nasjonalitetar. Norge blir representert med skipperen frå Herøy og chiefen frå Harstad.

Sikkerheit fyrst og sist

Med eit skip til over ti milliardar kroner er det også litt av eit ansvar som kviler på herøyværingen sin skuldrar reint materielt og økonomisk.

– Ja, ansvaret er stort, men eg er heldig som ikkje er nervøs, seier han.

I Teige sin situasjon blir det å tenkje sikkerheit det viktigaste av alt. At ein aldri kan gå på akkord med sikkerheita gjeld ikkje minst i farvatn som der Spectrum of the Seas skal segle. Desse farvatna er kjende for sine mange tyfonar og orkanar, og med 15000 kvadratmeter utvendig flate har vinden mykje å ta tak i med eit slikt skip.

– Vi har det beste verktøyet, og vi har ein eigen vêrmann å lene oss til. Men uansett kor mykje du har å støtte deg til må du kunne manøverere eit skip slik vi gjer på Sunnmøre, seier han.

Vil ikkje kommentere

Dette fører tankane over på dramaet som nyleg skjedde på Hustadvika med eit anna cruiseskip som var «millimeter» unna katastrofen.

Teige fortel at også han har opplevd å få full blackout på maskineriet. Slikt kan skje, og spesielt kan det skje når skipa er nye.

– Truleg var det ein kombinasjon av mange ting, seier Teige, som ikkje vil seie meir om den saka så lenge han ikkje har sett noko offisielt.