Det seier Jan Erik Myrseth i Bergsøy Handball om at dei denne veka signerte Marina Bazzeo tilbake til klubben. Ho blir no hovudtrenar for damelaget, samt trenar for J16 og J14, i ei 65 prosent stilling.

I Bergsøy tidlegare

For dei som ser på biletet og tenker; hm, ho der var det noko kjent med, so har de heilt rett. Bazzeo har nemleg vore trenar i Bergsøy tidlegare, både som assistenttrenar for Igor Dokmanovic og i den aldersbestemte handballen i 2016–2018. Det siste året har ho hatt fleire trenarroller i Hødd. Marina er elles glad for velkomsten ho har fått, no når ho er tilbake i klubben.

– Eg gler meg over å vere tilbake i Bergsøy og ser fram til å ta fatt på arbeidsoppgåvene frå og med 1. mai, seier ho til Vestlandsnytt.

Kroatisk verdsmeister

Ein treng ikkje sjå lenger enn Marina sin CV for å finne svaret på kvifor Bergsøy handball er svært nøgde med å ha Bazzeo tilbake i laget. Den kroatiske dama har nemleg lang trenarerfaring både frå sitt heimland og i Noreg. Før ho trena Bergsøy trena ho Langevåg og fleire klubbar i Kroatia. Sjølv var ho også aktiv spelar i den kroatiske eliteserien. I den ordinære handballkarrieren er finalespel i Europacupen 2013 å rekne som eit høgdepunkt, for ikkje å nemne at ho har spelt for det kroatiske landslaget i beachhandball, og er med dei to-gongar europameister og verdsmeister.

– Eg har min utdanning frå universitetet i Zagreb. Eg har ein mastergrad i idrett, med hovudfag i handball.

Trenarambisjonane

Vi spør kroaten om kva som kjem til å bli hennar bidrag inn i klubben. For ho er samhaldet og lagkulturen viktig.

– Akkurat kva spelestil eg kjem til å legge opp til er litt tidleg å seie før eg har sett spelarane litt meir i aksjon. Damelaget har mange allsidige spelarar, så her er mykje ein kan jobbe med. Men alt til sin tid. Ein ting eg kan seie er at det for meg blir viktig å skape trivsel blant dei yngre spelarane i klubben. Skal ein bli god i handball må ein i tidleg alder bygge opp ein god kultur og godt kameratskap i laget. Godt samspel er ein nøkkel då det sikrar godt spel, og ikkje minst at ein aukar motivasjonen for å bli verande i laget etter kvart som ein tek stega vidare, forklarar Marina.

Vil gagne heile laget

Som påpeika innleiingsvis håpar Bergsøy at denne signeringa også kan gagne breidda generelt i klubben.

– Som trenar sjølv har eg mykje eg kan lære av Marina. I Kroatia er dei til dømes veldig flinke til å spele 3-2-1 forsvar. Det er ikkje noko eg har spesielt sterk kompetanse på, men noko eg gjerne vil lære. Her meiner eg ho er ein ressurs for alle i klubben, avsluttar Myrseth.