– Endringane han har gjort på sauefjøsen meiner vi har så lite å bety at vi ikkje kan ta frå han tilskotet han tidlegare har fått.

Det seier MTK-leiar Idar Tarberg etter å ha fått komiteen med på å snu rådmannen si negative tilråding til noko positivt for sauebonde Kjartan Sundnes.

Som den einaste i Herøy som har søkt om SMIL-tilskot til bygging av eit enkelt leskur for beitedyr, fekk Sundnes innvilga eit tilskot på 42.500 kroner i 2017. Det var dette tilskotet rådmannen ville at MTK-komiteen skulle drage inn på grunn av bygningsmessige endringar som søkjaren har gjort i forhold til søknaden. Det meiner avdelingsleiaren ved Landbrukskontoret må få konsekvensar, og skriv:

«Utsjånaden er vesentleg endra frå eit enkelt bygg med skråtak og tre vegger, til eit fullverdig bygg med mønetak og fire vegger. Bygget framstår meir som eit enkelt sauefjøs enn eit leskur, og det er ikkje i samsvar med intensjonen i ordninga», slår Anne Kathrine Løberg fast.

«Huset eg fekk innvilga støtte til var vel aldri eit enkelt leskur, men teikna med fire vegger heile tida», påpeikar Sundnes, som har oppført sauefjøsen etter teikningane han fekk godkjend av kommunen i 2018 med mønetak i staden for skråtak.

Problemet for Landbrukskontoret er ikkje den nye takløysinga, men at sauefjøsen er bygt med fire vegger i staden for tre og ikkje i tråd med teikninga som låg til grunn for tilskotet frå kommunen.

I tråd med intensjonen

Spørsmålet i denne saka er om endringa på bygget fyller bruken som le og ly for beitedyra til Sundnes. Det må Løberg seie seg samd i etter å ha fått orientering om korleis Sundnes vil tilvenne sauene med opning og stenging av portar.

Fryktar utnytting

Det Landbrukskontoret derimot fryktar, er at måten Sundnes har løyst prosjektet på kan skape presedens for løyvingar til nye søkjarar. Løberg meiner nemleg at oppretthalding av vedtaket kan føre til at tilskot til eit enkelt bygg kan bli nytta som grunnlag for delfinansiering av ein type bygg det ikkje blir gitt tilskot til.