– Det gjekk bra i år også, seier Arve Teige på storsjarken Argo.

Søndag morgon kunne han legge til ved sin faste liggeplass på Fosnavåg hamn igjen etter å ha vore ein «snartur» til Lofoten etter torsk.

240 tonn sei, 150 tonn torsk

Då var det ikkje gått meir enn tre og ei halv veke sidan han bytte ut seigarna med snurrevadnota og gjekk nordover for å ta torskekvoten sin på 150 tonn. Det greidde Argo på gode to veker med effektivt drift. Så mykje fisk på så kort tid vitnar om gode forhold, og Teige kan slå fast at det også denne vinteren har vore svært god tilgang på torsk der nord.

– Vi hadde nokre dagar i land på grunn av vêret, men elles gjekk det veldig greitt, seier Teige som var ein av dei siste som gjekk nordover i år.

For han starta nemleg også denne vinteren med seigarnfisk her sør, og før dei gjekk nordover etter torsken hadde Argo landa 240 tonn med sei.

– No kan det hende vi tek oss ein runde og ser om her er noko hyse. Men noko stressing blir det ikkje når det viktigaste sesongfiskeriet no er unnagjort, smiler Teige.

Torskeprisane som gjer det

Teige seier at sjølv om kvotane på torsk var større før, er prisane no så bra at det veg opp for den kvantumsmessige reduksjonen. Om det vart ny vinterrekord inntektsmessig, veit han likevel ikkje å svare på.

– Seien er framleis dårleg betalt, men det er torskeprisane som gjer det så bra, seier han.

Der nord fekk dei godt over tretti kroner for kappa torsk, medan tilsvarande for sei her sør låg på 12-13 kroner kiloen.

Ny båt snart klar

No ei veke før påske er også dei fleste andre som gjekk nordover, heimattkomne og vel fornøgde med vinteren. Mellom dei er Anders Remøy, som i år måtte fiske sin eigen kvote med kompisbåten Nærøybuen. Knappe hundre tonn på to og ei halv veke vil han seie seg godt fornøgd med.

I påvente av at nye Havstein skulle bli ferdig, måtte Remøy nytte seg av ordninga med samfiske denne vinteren. Denne ordninga gjorde at dei slapp å stresse med å få nyesjarken ferdig til vintersesongen.

– Då vi såg at det ville halde hardt å få båten klar i tide, bestemte vi oss for å ta tida til hjelp og heller få gjort båten heilt ferdig, seier han.

Men i løpet av mai reknar han med at nye Havstein vil vere klar til levering frå Barents Solution, som den fyrste aluminiumsbåten som er bygd på Fiskåholmen. Sist onsdag blei båten sjøsett og kunne gå for eiga maskin til Ulstein der innreiingsarbeidet skal sluttførast.

Tre generasjonar

– Eg er så heldig at eg har ein son som kjem oppunder, og ein far som enda ikkje har tenkt å gå på land for godt. Difor vart det til at vi bestemte oss for å bygge ein båt som var stor nok til fleie eventualitetar, seier Remøy.

Remøy fortel at det 13 meter lange og 5,40 meter breie nybygget blir innreidd med fire køyeplassar og får gode fasilitetar til opphald om bord. Båten er primært arrangert for snurrevadfiske etter torsk og notfiske etter makrell, men vil òg vere førebudd for fiske med garn om det skulle bli eit aktuelt alternativ å satse på.

– Vi ville ikkje låse oss opp i eit hjørne, men satsar på ein båt som kan gi oss fleire bein å stå på, seier han.

Remøy fortel at planen er å prøve litt med snurrevaden i sommar før båten blir klargjort for notfiske etter makrell.