Etter at ølstatistikken i Sande vart presentert for politikarane, kom det inn ein ekstrarapport frå Joker Larsnes. Der vart det selt 11.816 liter meir øl i 2018 enn først rapportert, samla nær 24.000 liter, på same nivå som året før. Dermed plasserte denne butikken seg som nummer to på lista over utsalsstader som sel mest øl, bak Joker Gursken som omsette over 30.000 liter øl i fjor.