Påskeeggjakt i sentrum på laurdag

Laurdag vert det påskeeggjakt for barn (og litt for vaksne) i Fosnavåg sentrum.
Nyhende

– Det er premiar i alle egga, smiler Maria Sporstøl Leine i Fosnavåg Handelsforening.

Påskeeggjakta startar på paviljongen, der det er oppmøte, men egga er gøymde rundt omkring i heile sentrum.

Dei som vinn må gå til SpareBank 1 sin stand på Fosnavåg Brygge for å få utlevert premie.

– I tillegg til påskeeggjakta, er alle handlande kundar denne dagen med i trekninga av eitt stort påskeegg, seier Leine.

Påskeeggjakta er arrangert av Fosnavåg Handelsforening i samarbeid med SpareBank 1 Søre Sunnmøre.

Vellukka festlaurdag

Sist laurdag var det også yrande folkeliv i sentrum, då handelsforeininga laga til «Festlaurdag» med moteshow, hoppeslott og utdeling av is og ballongar til barna.

– Det var så kjekt! Og veldig gøy å sjå eit myldrande sentrum. Vi nytte også godt av alle bubilane som kom i samband med dansegallaen i Fiskarhallen, seier Maria Sporstøl Leine.