– Eg vil kalle det ein liten revolusjon når det kjem til vårt informasjonsansvar.

Det seier leiande helsesjukepleiar i Herøy, Elisabeth Strand Slettestøl, om den nye nettløysinga som er utvikla i samarbeid mellom kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta, samt SSIKT.

Saman har dei no laga ei nettside, Helsestasjonsportalen Søre Sunnmøre, som samlar all informasjon om tilboda i jordmortenesta, helsestasjon, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom på ein stad. Her kan ein finne svar på vanlege spørsmål, brosjyrar, nyttige lenker til kvalitetssikra informasjon og andre offentlege tenester. Løysinga inneheld også informasjon på engelsk, og ei samling av brosjyrar på dei mest nytta framandspråka i dei sju kommunane. Frå og med måndag er den tilgjengeleg på kommunane sine heimesider og som eiga nettside.

– Vi håper særleg at alle svar på vanlege spørsmål kan vere til hjelp for innbyggarane, og at dei lettare finn riktig informasjon når de lurer på noko knytt til graviditet, barn, ungdom eller vaksinar. Innhaldet er fagleg kvalitetssikra og oppdatert, i motsetning til mange av treffa ein får hjå Google eller andre søkemotorar, heiter det i ein felles uttale frå alle helsestasjonane.

Sjå den nye nettsida her!

Arbeidssparande

Leiande helsesjukepleiar i Sande, Katrin Kvalsund Leine, gir tommelen opp for den nye løysinga.

– Spesielt er dette bra då vi dreg nytte av kvarandre på tvers av kommunegrensene. Her står vi saman om informasjonsansvaret og vil dermed kunne gi eit veldig heilskapleg bilete av kva vi har å tilby.

– Dette er også noko vi trur vil vere veldig arbeidssparande for oss som jobbar på helsestasjonane. Sande har til dømes ikkje sekretær, noko som gir mykje telefontid for oss helsesjukepleiarar. Håpet er no at vi vil kunne frigjere litt av denne tida, seier Kvalsund Leine.

Del av større prosjekt

Denne nye nettsida er fyste del av eit større prosjekt med namn et «Digitalisering av helsestasjon og skulehelseteneste», og har som mål å gjere informasjonen om desse tenestene lettare tilgjengeleg og meir attraktive for brukarane. Arbeidet med løysinga har teke fire månader.

– Resultatet er med det vi veit nokså unikt i landet, og vi er nok alle einige om at vi har fått eit fantastisk verktøy, seier Strand Slettestøl, som elles rosar prosjektleiaren for det heile, Inge Pettersen.

Dette er og leiande i Sande og samd i.

I konstant endring

Ein av dei andre fordelane med denne nettsida er at den er i konstant endring. Informasjonen ein finn vil alltid vere oppdatert, og om noko skulle mangle, vil det ikkje vere noko problem å legge til ny informasjon. Så langt har den nye tenesta vore testa av innbyggarar før lansering og har fått svært gode tilbakemeldingar.