– Vi kom først og fremst fordi det var godt vêr, men det har vore veldig god stemning, så det var absolutt verdt turen, fortel nokre romsdalingar og nordmøringar vi møter ved kulturhuset.

Enkelte av dei var kanskje litt reduserte etter laurdagens dansegalla i Fiskarhallen, som blei arrangert for første gong denne helga.

– Det var god stemning under dansegallaen. Det er eit flott anlegg de har fått opp der. Det einaste som kanskje kunne ha vore betre, er storleiken på dansegolvet. Det vart litt for lite. Folk kosar seg på dansegolvet, og då er det viktig at vi har plass, seier damene frå Nordmøre og Romsdal, og får støttande nikk frå mannfolka.

– Må ha vore 115 bilar her

Dei meiner elles at det er imponerande kor mange som tok turen til Herøy og Fosnavåg denne helga.

– Eg har høyrt at arrangørane håpte det skulle kome 15 bubilar. Men eg er ganske sikker på at det må ha vore nærare 115, ler ei av damene.

Om det faktisk var så mange er ikkje godt å seie. Men også Vestlandsnytt observerte uvanleg mykje aktivitet i Fosnavåg denne helga, mykje takka vere bubilane, dansegallaen og festlaurdagen som butikkane i sentrum inviterte til.

– Ungdomen styrte musikken

Vi slepp ikkje taket på den trivelege gjengen frå Nordmøre og Romsdal heilt enno. Dei vil nemleg kome med skryt til ungdomen.

– Etter dansegallaen var det nokre ungdomar som fyrte opp musikk på parkeringsplassen her. Og unge har ofte ein tendens til å spele alt for høg og bråkete musikk. Men denne gjengen sytte for roleg og behageleg musikk for alle deltakarane, fortel dei.

– Prøve å få med oss Diamanten

Gjengen var nokre av dei første som kom fram til Herøy då dei parkerte bubilen fredag ettermiddag. Og då vi snakka med dei søndag ettermiddag, var dei i ferd med å bli blant dei siste som forlèt Herøy også.

– Vi planlegg å ta oss ein tur for å sjå på Runde.

– Eg har lyst å sjå den berømte Diamanten. Kanskje kan vi endåtil prøve å få han med oss heim, sa gjengen med ein lattermild tone, før dei sette seg bak rattet igjen. Heldigvis ser det ut til at Havila-huset framleis står.