Det aula av helsepersonell i Herøy Frikyrkje på fredag då fysioterapeutane og ergoterapeut i Herøy arrangerte sitt 17. fagseminar.

– Dette er eit seminar vi arrangerer for å gi helsepersonell, spesielt primærhelse- tenesta i kommunane, fagleg påfyll. Då blir vi betre skikka til møte våre pasientar med endå breiare fagkompetanse. Vi er også svært stolte over å kunne arrangere dette seminaret for 17. gong, forklarar Herøy-fysioterapeut Roger Kvalsvik.

Smerte- eit samansett fenomen

Temaet for seminaret var smerte, og dagens forelesarar var ifølgje Kvalsvik valt frå øvste hylle. Halve dagen snakka Per Brodal, professor emeritus i nevroanatomi (hjerneforsking) ved Universitetet i Oslo. Han snakka spesielt om forståing av smerte og trøyttleik i eit nevrobiologisk perspektiv. Forelesar nummer to var Borrik Schjødt, seniorpsykologspesialist ved seksjon smertebehandling og palliasjon ved Haukeland sjukehus. Han tok føre seg smerte i eit biopsykososialt perspektiv.

Under seminaret fekk Vestlandsnytt snakke med begge to, og vi utfordra dei på å kome med ein ålmenn «light-versjon» av foredraga sine.

– Siktepunktet for oss begge er å vise korleis hjerneforsking og psykologisk innsikt kan hjelpe dei som jobbar med pasientar med langvarige smerter. Vi hjelper dei med å forstå kva faktorar som spelar inn i pasientar sine opplevingar av smerte. Då blir det lettare å kome vidare til ei løysing der smerta ikkje dominerer livet, forklarar Brodal.

– Ein skulle kanskje elles tru at Brodal som hjerneforskar, og eg som psykolog, er milevis frå kvarandre i det vi snakkar om. Men smerte er eit så samansett fenomen at ein er nøydt til å sjå på dette i eit tverrfagleg perspektiv, seier Schjødt.

Ny forståing kring smerte

Schjødt går vidare med å forklare at dei i nyare tid har fått ei heilt ny forståing for kva smerte er.

– Slik vi ser det i dag kan ein ikkje sjå smerte som noko fysisk, utan at det også er noko psykologisk. Smerte er ei oppleving. Tidlegare kunne ein ha ein tendens til å seie at smerte enten var i kroppen eller i hovudet. Slik tenker vi ikkje lenger. Det går ikkje an å ha ein smerte utan at det har noko med både kroppen og hovudet å gjere.

Vidare gir han eit eksempel frå eksisterande forsking.

– Om nokon med langvarig smerte trur smertene er farlege, blir det faktisk vondare. Det vil dermed kjennast litt betre når ein veit kva det er og at det ikkje er farleg.

Viktig med oppfølging

Brodal spelar vidare på utspelet til Schjødt med å poengtere viktigheita av at ein ikkje avsluttar behandling for tidleg.

– Det å leve med langvarige smerter er ein læringsprosess, og det tek tid. Det handlar ikkje alltid om å ta vekk smerte, men ofte om korleis ein kan lære seg å leve med dei. Aksel Lund Svindal har smerter i kneet når han køyrer på ski, men det handlar mykje om korleis han klarer å innstille seg mentalt. Derfor er det viktig at ein i behandlingssituasjonen tek seg tid til endå meir oppfølging, slik at folk som slit med smerter kan lære seg å leve med dei, om ein ikkje klarer å få bukt med problemet.

I dagens innsparingsprosessar er dette vanskeleg, poengterer dei to erfarne forelesarane, som ser dette som problematisk. Spesielt då primærhelsetenesta vil måtte ta seg av endå meir av det arbeidet spesialhelsetenesta tidlegare har gjort.

– Då er det i det minste godt at ein klarer å arrangere slike seminar som dette, slik at vi kan gi eit tverrfagleg perspektiv på tema som akkurat smerte, avsluttar Schjødt.