Førre veke kunne Bergsøy IL avsløre nyhende.

– Fiskarhallen er ein fleirbrukshall, og med dette golvet kan vi verkeleg smykke oss med den beskrivinga. Vi er no i stand til å arrangere store og mindre arrangement i salen for eiga maskin. Idrettslaget kan også leige ut anlegget til andre formål enn reint idrettslege arrangement. Uansett er vi med dette golvet i stand til å generere inntekter til laget som vil gagne breidda.

Det seier styreleiar i Bergsøy IL, Lars Conradi Andersen, som er storfornøgd med nyinvesteringa. Han peiker på at golvet no mogleggjer arrangement som ulike messer og konsertar.

– Oktoberfesten er eit døme. Der måtte vi i fjor leige inn eit liknande golv, noko som kosta ein del. Det slepp vi no.

Golvet har stor bereevne, og skal tole at bilar køyrar på det. For å vere litt meir spesifikk, har det ei bereevne på 600 kilo per 6. kvadratcentimeter.

200.000 kroner frå Sparebanken Møre

– Vi ser det som positivt at Bergsøy tenker stort, og ser også at dette er ei investering som vil kunne skape vekst i tilbodet. Derfor vel vi som generalsponsor for Bergsøy IL å støtte denne investeringa med 200.000 kroner, seier Per Ronald Knutsen, banksjef i Sparebanken Møre avdeling Herøy.

Som kjent er Sparebanken Møre også generalsponsor for sjølve Fiskarhallen, der dei allereie har gitt pengestøtte på 1.000.000 kroner.

Innvia golvet med dansegalla

At golvet tenar sin funksjon vart bekrefta no i helga. Då var det nemleg dansegalla i Fiskarhallen i regi av Bergsøy fotball. Nesten 500 billettar blei selde, og bubilturistar strøymde til. Driftsansvarleg for Fiskarhallen, Sigurd Helsem Sævik, omtalar arrangementet som ein kjempesuksess.

– Vi er svært nøgde med dansegallaen. Det var ingen problem. Folk dansa og kosa seg. Økonomisk gjekk vi i pluss, så dette gav meirsmak. Golvet fungerer som berre juling. Det tok 8–9 personar to timar å rigge opp golvet. Med god hjelp frå Bergsøy G16 tok det heller ikkje lange tida å rigge ned. Dette har vi tru på, seier Helsem Sævik.