– Status er at vi har gjennomført tilbodskonkurranse for riving og bygging av ny bru, opplyser prosjektleiar Arild Vikan i Statens vegvesen.

Han kan fortelje at Jensholmbrua er ein del av ein pakke som også omfattar Brandalsbrua på fylkesveg 37 i Hareid kommune. Det er elles Veidekke entreprenør AS som har vunne tilbodskonkurransen, med eit tilbod på om lag 18,4 millionar kroner for utskifting av begge bruene. Vikan opplyser at det nettopp har blitt sendt ut eit tilbodsbrev til entreprenøren.

– Vi planlegg å signere kontrakten og gjennomføre oppstartsmøte i april, og forventar at arbeidet vil starte i mai. Om det blir oppstart på Jensholmbrua og/eller Brandalsbrua vil vi bestemme i samråd med entreprenøren i oppstartsmøta, men begge bruene skal vere ferdigstilt innan 01.12.2019, seier Vikan.

I byggeperioden vil det bli etablert lokal omkøyring ved hjelp av ei midlertidig bru, ei interimsbru.

– I elendig forfatning

Det er Bjarne Kvalsvik (UAVH) som har tipsa Vestlandsnytt om den siste utviklinga i saka. Han omtalar dette som svært gledeleg.

– Det hadde vore veldig dramatisk om dei klassifiserte ned vegen. Det ville fått store konsekvensar for næringslivet, seier Kvalsvik.

Han innrømmer at dette ikkje er den saka han har kjempa mest for, men at det er ei utfordring som fleire har vore klar over ei stund.

– Vi har visst om denne brua ei tid. Ho er i elendig forfatning. Men det har ikkje vore midlar på fylket til å gjere noko med saka, før dei no har klart å omdisponere dei nødvendige midlane, seier Kvalsvik.

– No er det berre å få entreprenøren i sving, avsluttar Kvalsvik.