Saka der ein tiltakshavar på Bergshaugen ynskjer å bygge firemannsbustadar i staden for einebustadar like ved turvegen til Tverrfjellet, har møtt motstand frå fleire hald heile vegen. Saka har ved fleire høve vore oppe i formannskapet, der Arbeidarpartiet har kjempa hardt for å hindre tiltakshavaren løyve til reguleringsendringa. Posisjonspartia (H, KrF og Frp) og Folkelista har derimot vore positive heile vegen.

Også fylkesmannen har kome med innspel til saka. Han har peika på viktigheita av at tilkomsten til turvegen er god. Naboane har også vore svært kritiske til reguleringsendringa. Dei har først og fremst vore redde for trafikktryggleiken på ein allereie hardt belasta veg. Men dei har også kome med innspel kring det dei meiner er ei enorm utnytting av området, spesielt om tiltakshavaren skulle få løyve til å bygge fire firemannsbustadar.

Tiltakshavaren har gjort endringar i tråd med innspela som har kome. Mellom anna har han gått ned til tre firemannsbustadar, noko som vil gi maksimalt 12 bueiningar. Til innspelet frå fylkesmannen har han svara at turstien er teken vare på fordi prosjektet held seg innanfor gjeldande byggegrenser. Til innspela kring trafikktrygging svarar tiltakshavaren at dette er eit kommunalt ansvar.

Skifta standpunkt

Det siste fekk Kjell Runde (Folkelista) til å skifte standpunkt i saka.

– Det har falt ein del kraftige ord om denne saka i formannskapet. Eg har tvila meg fram, men røysta for tiltaket. Men no har eg skifta standpunkt. Grunnen er kommunen sitt ansvar for trafikktryggleik, det kan bli skadelidande, sa Runde.

Han meinte også at kommunestyret burde høyre på kva dei som bur i området meiner om saka, og hevda også at det er nok firemannsbustadar i kommunen allereie.

– Er å bryte ein lovnad

Runde fekk, ikkje overraskande, støtte frå Arbeidarpartiet.

– Ein reguleringsplan er ein lovnad, spesielt for dei som kjøper tomter og bur i området. Gjer vi ei reguleringsendring i ettertid er det å bryte denne lovnaden, sa Svein Gjelseth mellom anna.

Høgre meinte derimot at dette prosjektet må vere innanfor.

– Tiltakshavar har gjort mykje arbeid for å tilpasse prosjektet. Det er veldig beklageleg om saka blir stoppa no, sa Stig Arne Sævik.

Posisjonspartia signaliserte difor at dei framleis ville røyste for reguleringsendringa, noko som mest sannsynleg ville gitt fleirtal for reguleringsendringa. I staden tok saka ein ny vri.

Har dei blitt høyrde?

Bjarne Kvalsvik (Folkelista) tok då ordet. Han omtala først saka som vanskeleg, og forklarte at saka har to sider. Men Kvalsvik var av den oppfatning at saka mangla ein del viktig informasjon.

– Kva har barnerådet sagt? Kvar har rådet for personar med nedsett funksjonsevne sagt? Kva har eldrerådet sagt? Dei har plikt til å få sjå planen. Det er lovpålagt før saka kjem til politisk behandling. Har dei ikkje blitt høyrde, ber eg om at saka vert utsett, sa Kvalsvik.

– Det som er faktum er at planen er lagt ut til offentleg ettersyn, men den er ikkje sendt spesifikt til råda eller borna sin representant, svara rådmann Olaus-Jon Kopperstad.

Saka blei deretter utsett. Sakspapira blir no sendt ut til dei lovpålagde organa, før ei ny runde med politisk behandling ventar.