Både maritim og teknisk komite og formannskapet gav eit tydeleg signal på at dei meiner hamnene bør vere offentlege, då dei var oppe til behandling der tidlegare i mars. Formannskapet konkluderte derimot med at dei helst ville ha hamnene gratis, og at dei iallfall ville forhandle om prisen. Det viste seg seinare at det ikkje var rom for forhandling, og difor måtte kommunestyret bestemme seg for om dei ville kjøpe hamnene til takst, eller om dei ville gi private sjansen til å kjøpe hamnene.

Det blei tidleg klart at takstprisen på 1.950.000 kroner ikkje var problemet i saka, det var heller eventuelle framtidige kostnadar som fekk fokus i kommunestyret.

– Kaiene kan ha større skader enn det staten er klar over. Eit kjøp er ei investering, men framtidig vedlikehald går på drifta. Derfor har eg forandra meining, sa Idar Tarberg (H).

Han ville no berre kjøpe Runde fiskerihamn. Tarberg er elles leiaren av MTK, som samrøystes gjekk inn for kjøp.

Høgre gjorde det no klart at dei berre ville kjøpe Runde fiskerihamn.

– Kvitter vi oss med hamnene, så kvitter vi oss også med framtidige vedlikehaldskostnadar. Men når det gjeld Rundehamna så er det ei mykje besøkt hamn. Det er ei brukshamn, ei næringshamn. Hamna har også vore registrert som ei naudhamn. Det er viktig å ha ei hamn på Runde, slik at folk der ute ikkje blir veglause. Men vi i Høgre meiner at dei andre hamnene ikkje har same funksjon, sa Stig Arne Sævik.

Skorpa også viktig

Ole Brubakk (KrF) sa seg langt på veg einig med Høgre sine representantar, men han gjorde det klart at også Skorpa fiskerihamn er viktig.

– Det er slik at grunneigarar er flinke til å sette opp skilt der det står «ingen adgang». Det må vi unngå på Runde hamn. Men om ein ser på turismen, så tenkjer ein at Skorpa den må bør vere kommunal. Difor vil KrF kjøpe Runde og Skorpa fiskerihamn, sa Brubakk.

Olaug Andreassen (Ap) meinte at ein burde tenke større.

– Eg vil understreke dette med turisme, hamnene er viktig for turismen. Tenk på alle dei som berre skal på ein fisketur, dei treng ein plass å legge til. Vi veit ikkje kva konsekvensar det får om eit småbåtlag tek over ei hamn. Vi bør vurdere å ta fleire enn Runde og Skorpa, meinte Andreassen.

Bjarne Kvalsvik (Folkelista) etterlyste likebehandling.

– Eg trur dei på Kopperstad vil ha same vilkår som dei på Runde. Vi må sjå moglegheitene, for her er det store moglegheiter. Tenk all innsatsen som har vore lagt ned for å få desse hamnene, sa Kvalsvik.

Kvalsvik sa seg også skuffa over at Høgre no hadde ombestemt seg. Ei oppfatning som kollegaene i Folkelista og representantane frå Arbeidarpartiet uttrykte brei støtte for.

Vil ikkje ha Sandebukta

Fungerande ordførar Camilla Storøy (KrF) meinte at hamnene no hadde vore diskutert nok, og la opp til avstemming. Hamn for hamn.

For Runde fiskerihamn sin del gjekk det veldig greitt. Kommunestyret sa samrøystes ja.

Også Skorpa blir ei kommunal hamn. Berre ein representant røysta mot det forslaget.

Meir usikkert var det kring Bøvågen og Kopperstad fiskerihamn. Her røysta fleirtalet (14 stk.) av medlemmane i posisjonspartia (Høgre, KrF, Frp) mot kjøp, men hamnene blir likevel kommunale då 17 kommunestyrerepresentantar var for kjøp.

Når det gjeld Sandebukta var kommunestyret splitta på midten. Arbeidarpartiet og Folkelista stemte for kjøp av denne hamna også, og fekk litt støtte frå enkelte representantar i posisjonspartia. Men det var ikkje nok, då berre 15 var for kjøp, medan 16 representantar var mot kjøp av Sandebukta.

Dermed blir fire av dei fem fiskerihamnene kommunale, medan Sandebukta no kan ende opp hos private.

– Trur ikkje dette vart korrekt

Bjarne Kvalsvik (Folkelista) meiner avstemminga om fiskerihamnene ikkje var i tråd med regelverket.

– Resultatet vart no slika at ei hamn fekk ei anna behandling enn det som var i tråd med dei forslaga som var innlevert. Eg er ikkje heilt god på avstemmingsreglar, men eg tvilar på om dette var korrekt. Dette kjem eg til å sjekke opp i, sa Kvalsvik.

Ordførar Camilla Storøy bad då Kvalsvik om å sjekke det opp før 1. april.

Allereie før avstemminga ytra Kvalsvik seg kritisk til ordføraren sitt opplegg. Han meinte ein skulle stemme over dei innleverte forslaga. Også Kvalsvik sin partifelle Frank-Roy Moltu var kritisk til opplegget.

– Vi kan ikkje stemme å seie at vi ikkje skal ha hamna i Sande, men vi skal ha den i Bø. Gjer vi det følger vi ingen av forslaga, meinte Moltu.

Ordføraren meinte at ho handla innanfor regelverket.

– For det første er det vanskeleg å seie kva forslag ein då skal stemme for og imot. Samtidig har eg sjekka det opp, og eg forstår det slik at ordføraren kan legge opp avstemminga slik som ordføraren vil, sa ho.