Kommunane i Møre og Romsdal har budsjettert med å krevje inn over 484 millionar kroner i eigedomsskatt i 2019. Det er nesten 20 millionar kroner meir enn i 2018.

Av kommunane med eigedomsskatt er det Ålesund som får mest når kommunen i 2019 håvar inn over 96 millionar kroner på den «frivillige» skatteordninga som Herøy og Sande har valt å ikkje nytte seg av.

Tolv kommunar utan

Sande og Herøy er to av tolv kommunar i fylket som enda ikkje har innført eigedomsskatt. Dei andre er Aukra, Aure, Haram, Midsund, Norddal, Smøla, Stordal, Sula, Vanylven og Ørskog.

Ulstein kommune får for fyrste gong inntekter frå eigedomsskatt i 2019 og har budsjettert med 14 millionar kroner fyrste året. Ørsta, Volda og Hareid har halde på lenger.

Ørsta har for inneverande år budsjettert med 16,5 millionar kroner, som vil vere 9,9 prosent meir enn kommunen faktisk fekk inn på eigedomsskatt i 2017. Tilsvarande for Volda er 14,6 mill. kroner, eller ein auke på 11,9 prosent.

Størst auke av kommunane på Søre Sunnmøre er det Hareid som får. Dei har budsjeettert med 8,8 millionar kroner i eigedomsskatt i 2019, som vil vere 33,7 prosent meir enn i 2017. Størst auke av alle får Stranda med 54 prosent.

Tala for faktisk inntekt i 2018 vil ikkje vere klare før i juni.

Usosial skatt

Opplysningane er henta inn av Huseiernes landsforbund som likar dårleg utviklinga med auke i eigedomsskatten.

– Huseigarane meiner eigedomsskatten er usosial fordi den ikkje tek omsyn til inntekt, gjeld eller betalingsevne til hushaldningane, seier generalsekretær Morten Andreas Meyer i ei pressemelding.

– Dessverre aukar denne lite rettferdige og sosiale skatten i langt raskare tempo enn lønsvekst og annan prisauke, legg Meyer til.

Fleire årsaker

Meyer peikar på fleire årsaker til auken i eigedomsskatten. Norkre kommunar har enda satsane eller botnfrådraget for å få større inntekter. I andre kommunar er det retakasering som har ført til auke i grunnlaget for eigedomsskatten.