Axel Bjørklid søker Herøy kommune om løyve til å føre opp tre bustadar, fire fritidsbustadar for utleige, fire naust og ei badstue i Sævikane. Bjørklid nyttar seg av B. Tarberg AS i saka.

Rådmannen hadde på førehand gitt ei positiv tilråding til oppstart av detaljregulering i området. Han la spesielt vekt på at Bjørklid ynskjer å bygge på naturen sine premissar, og at det ikkje vert ei tung utnytting i området.

Formannskapet er derimot ikkje heilt på line.

– Han har prøvd å bygge einebustad der tidlegare, men det fekk han ikkje løyve til. Eg er veldig usikker på om dette området fortener ei så stor utnyttingsgrad, meinte ordførar Arnulf Goksøyr.

Han meinte at det rette ville vere å utsetje saka, noko eit samla formannskapet sa seg samde i.

Kjell Runde (Folkelista) meinte dette var ein vanskeleg sak, og såg behov for ei synfaring i området. Eit ynskje formannskapet sa seg einige i.