Fleire har fått med seg at det i førre veke var spennande ting på gang i Mulevika. Ein heil bil- landsby okkuperte då parkeringsplassen i fleire dagar, og det var litt hemmeleghald kring det heile. No har gjestane reist og kan lette på sløret og fortelje kva som har gått føre seg.

Stor reklamekampanje

Det er ikkje kva som helst slags bedrift som har valt Mulevika som lokasjon for reklamekampanjen sin. Det var nemleg den franske kosmetikk-giganten L’Oreal som hadde bestilt reklameopptak ytst i havgapet. Akkurat kva kosmetiske produkt dei promoterer, er ikkje kjent. Produsent for Loopfilm AS, selskapet som står for produksjonen, Jarle Tangen, fortel Vestlandsnytt at det var snakk om både videoopptak og fotografering. «Crewet» var på kring 120 personar, der majoriteten stod bak kamera.

– Dette er ein veldig stor reklamekampanje, som faktisk skal marknadsførast globalt. Dette er knallbra reklame for Herøy, forklarar Tangen. Han håpar at kommunen ser verdi av å legge til rette for produksjonar som dette.

Med det vi kjenner til, er ikkje Mulevika åleine om å vere lokalitet i kampanjen. Fleire team skal vere ute for å filme andre stadar også.

– Fantastisk location

Tangen fortel at Loopfilm ikkje har nytta Mulevika i ein slik produksjon tidlegare, men at Sunnmøre ofte vert prioritert som lokalitet frå deira side.

– Dette er ein fantastisk plass. Sunnmøre generelt er som regel høgt på vår prioriteringsliste når vi skal finne stadar og filme, seier han.

Vanskeleg vêr, men ...

Vi spør naturlegvis produsenten om korleis innspelinga har gått. Det var nemleg litt tøffe vêrforhold under produksjonsdagane.

– Alt i alt gjekk innspelinga veldig fint. Vêret gjorde ting litt vanskelegare, men det er no litt røffe forhold vi kom for, seier han.

Kundane, L’Oreal, skal også ha vore veldig fornøgde med korleis deg gjekk i Mulevika.