- Det er svært alvorleg, seier Sande-ordførar Dag Vaagen, som har engasjert seg i saka etter at det utan forvarsel no brenn eit blått lys for Maritim Food AS i Gjerdsvika.

Vaagen seier til Vestlandsnytt at han etter å ha lese den offisielle meldinga frå Maritim Food er skikkeleg bekymra.

Endeleg vedtak etter påske?

– Slik denne kan lesast, kan det kome vedtak om nedlegging like over påske, seier Vaagen. Han var måndag i kontakt med styreleiar Bjørn Wiggen i selskapet Insula AS, som eig 100 prosent av Maritim Food.

– Signalet frå meg og kommunen er at vi står på tilbodssida i denne saka. Eg har alt vore i kontakt med dagleg leiar og eigarane om situasjonen. Vi drøftar gjerne rammevilkår og fasilitetar. Då tenkjer eg mellom anna på hamneprosjektet med ny fiskerikai, og nytt fiskeriretta næringsareal, i ei etablert og sterk næringsklynge i Gjerdsvika, seier Vaagen.

– Det verkar uforståeleg at ein vil kaste korta straks ein større kunde trekkjer seg.

– Moderne, og leverer

Han kan ikkje med beste vilje skjøne at det ligg på bordet eit framlegg om nedlegging.

– Bedrifta er topp moderne utstyrt, med dei mest effektive og trimma produksjonslinjer som finst i bransjen. Og ikkje minst, dei leverer fiskematprodukt av ypparste kvalitet. Med sin solide og kunnskapsrike arbeidsstokk leverer dei også gode berekraftige resultat i ein tøff konkurranseutsett bransje.

Vaagen meiner det i samfunnsmessig samanheng står fram som «sløseri» å avvikle ei bedrift som har framtida føre seg.

–Eg håpar og trur at bedriftsstyre og eigarar gjer alt dei kan for å oppretthalde drifta.

Sist veke vart det kjent at framtida til Maritim Food (tidlegare Sandanger AS) verkar utrygg. Det skjedde etter at selskapet sin største kunde Unil AS (Norgesgruppen) bestemte seg for å trekkje seg ut av eit årelangt samarbeid.

Jan Brevik, dagleg leiar i Maritim Food si avdeling i Gjerdsvika, antyda i Vestlandsnytt at produksjonen kan bli skalert ned til 40 prosent av dagens nivå om ein ikkje lukkast å få nye kundar til produkta.

«Vurdere vidare drift»

Før helga vart vi kjende med ei pressemelding som Maritim Food sende ut etter allmannamøtet i bedrifta sist veke. Av denne kan det altså sjå ut som saka er endå meir alvorleg for bedrifta:

– Selskapet, ved leiing og tillitsvalde, vil i tida som kjem vurdere om det er grunnlag for vidare drift. Ei endeleg avklaring i saka er venta innan utgangen av veke 17, heiter det i meldinga frå bedriftsleiinga.

Veke 17 er om fem veker frå no, rett over påske.

I meldinga frå bedriftsleiinga heiter det elles at Unil har stått for rundt 85 prosent av Maritim Food si omsetting. Leiinga informerer vidare:

– Dette får store konsekvensar for selskapet si drift, og leiinga ser seg difor nøydd til å vurdere alternativ bruk av fabrikkane. For Maritim Food sin fabrikk i Gjerdsvika er konsekvensane venta å bli særleg store. Fabrikken er primært rigga for produksjon til Unil.

Maritim Food slår vidare fast at det er identifisert ein overkapasitet i fiskematproduksjon i Norge. På denne bakgrunn har styret bede leiinga «utgreie om framleis drift ved selskapet sitt anlegg i Gjerdsvika er forsvarleg».