– Vi er veldig godt fornøgd med å sikre oss ein god kontrakt i det som er ein krevjande marknad, seier salssdirektør Richard K. Gjerde til Vestlandsnytt.

Fartøyet, med design type MT1112 XL, har ei lengde på 58,6 meter og ei breidde på 13 meter. Det er designa etter reiarlagets ønsker og vil bli utrusta med topp moderne Mustad autolinesystem for fiske gjennom moon-pool, fabrikk til prosessering av fisk og hermetikk, stor fryselagerkapasitet, innreiing for 36 personar og isklasse. Fartøyet skal leverast i slutten av 2020, melder Marin Teknikk i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Skrog og dieselelektrisk framdriftssystem er optimalisert for lågt brennoljeforbruk og låge utslepp til miljøet. Marin Teknikk var først ute med denne teknologien også til fiskefartøy, då dei leverte til Ervik Havfiske i 2000. Fleire fiskefartøy er levert med dette systemet i ettertid, og no også til russiske kundar.

Russarane satsar sterkare på linefiske

Dei russiske reiarlaga ønsker å satse sterkare på linefiske, som blir regna for å vere den mest økologiske, berekraftige og miljøvennlege fiskemetoden. Linefartøyet byggjast for fiske etter torsk og hyse i Barentshavet og Norskehavet, med fokus på å ta vare på heile fangsten. Det blir fleire leverandørar frå Norge som får nyte godt av kontraktane med utstyrsleveransar til fartøyet, skriv Marin Teknikk i pressemeldinga.

For Marin Teknikk er kontrakten ei anerkjenning etter lengre tids arbeid i ein ny og særdeles krevjande marknad, og vil vere med på å utvide kundeområdet og samtidig styrke MT’s posisjon for skipsdesign.

– Vi er svært tilfreds med å lande slike avtalar som vil sikre arbeidsplassar på Marin Teknikk for våre dyktige ingeniørar, samt skape aktivitet elles rundt om i det maritime miljøet. Det er også spennande å jobbe tett oppimot nye område og kulturar. Frå vårt utgangspunkt i Herøy stadfestar vi vår lokalt sterke kompetanse innan fiskeri og maritim industri, og er med på å skape store verdiar både i Norge og i utlandet, seier salsdirektør Richard K. Gjerde i Marin Teknikk.

Reiarlaget er fornøgde med Marin Teknikk

Det er elles ikkje første gongen Marin Teknikk sikrar seg ein kontrakt med det russiske reiarlaget. I desember 2017 fekk dei kontrakt med same reiarlag for to liknande fiskefartøy for leveranse av design og engineeringspakkar. Dei to fartøya er no komne langt i produksjonen ved Severnay Verf i St. Petersburg, saman med eit anna nybygg av same MT-design for eit anna russisk reiarlag.

LLC FC Virma er fornøgd med design- og engineeringsarbeidet og den oppfølging av prosjekta som er gjort frå Marin Teknikk si side. Fartøya blir bygde til russisk flagg og etter Russisk RS Klasse. Marin Teknikk jobbar direkte mot klasseselskap og styresmakter utan nokon mellommann. Det er derfor med stor glede Marin Teknikk ser at ein klarer å handtere og tileigne seg ny kunnskap med nye samarbeidspartnarar, som tilfredsstiller reiarlaga og verftet, heiter det i pressemeldinga.