Fylkeskommunane rundt omkring er i ferd med å innføre Autopass. Førebels sit folk med fleire spørsmål enn svar rundt den nye betalingsordninga. Først må ein skifte frå verdikort til Autopass-ferjekort, og frå nyttår har planen vore at systemet skal oppgraderast til Autopass-brikkebetaling.

Opplegget skal innførast som eiit reint effektiviseringstiltak, for å kunne slutte med billettering. Betalinga gjennom brikke skal skje automatisk. Berre folk passar på å fylle opp kontoen, vil ein sleppe noko meir styr rundt betalinga.

Det høyrest kanskje ut som ei fornuftig ordning. Men det er ein hake ved systemet: Alle ferjesamband vil få ein vesentleg auke i prisen per liten og stor bil. Årsaka er at bilane etter innføring av automatisk brikkebetaling skal betale for det komande bortfallet av billettinntekter frå passasjerar/dei gåande.

Det vil i neste omgang vere eit forsterkande kostnadsdrivande tiltak for dei som bur langt ute i periferien. Mange treng dagleg fleire ferjeturar ferjer for å kome seg att og fram, anten vi snakkar om varetransport eller reiser til eller for jobben.

Nokon vil sikkert argumentere med at dei som reiser åleine i ein bil bør alliere seg med andre, slik at det løner seg å reise også med Autopass-brikkebetaling. Så enkelt er det ikkje. Det minner om rein, blåøygd «skrivebordstankegang».

Det er heller ikkje slik at folk kan «reise kollektivt i staden», slik oppmodinga gjerne er i dei større byane. Vi ute i distrikta er og blir avhengige av bilen.

Autopass-brikkebetaling på ferjene blir eit konkurransevridande tiltak. Dreg ein tankerekka vidare (dette er nemleg ikkje konsekvensutgreidd) kan Autopass føre til at varer til dømes frå fiskar og bonde vert dyrare på grunn av høgare transportkostnader. Er vi villige til å legge meir stein til børa for utkantane berre fordi betalinga skal bli meir «effektiv»?