Det var eitt av fleire hjartesukk Einar Ekroll (V) serverte frå talarstolen i Sande kommunestyre på onsdagens møte.

Ekroll er einaste medlem frå Venstre i kommunestyret, og er ikkje representert i formannskapet. Han føler han får altfor lite informasjon om kva som skjer i kommunen.

– I fjor sommar hadde vi tre månader ferie. No er det gått hundre dagar sidan førre kommunestyremøte. Eg hadde gledd meg til ei skikkeleg sakliste som kunne engasjere oss. I staden får vi ei tynn liste nesten utan saker, sa Ekroll.

Han synte elles til at formannskapet ofte gjer om saker under «skriv og meldingar» til politiske saker slik at dei også vert gjenstand for vedtak.

– Det bør vere noko kontrollutvalet eller revisjonen ser nærare på, skaut han inn overfor kommunestyret.

Sakna informasjon

Han sakna òg oversyn over den økonomiske rapporteringa, i form av jamlege rapporteringar, slik kommunestyret etter planen skal få. I tillegg har kommunestyret heller ikkje fått informasjon om den store omlegginga som har skjedd innan helse/omsorg, hevda representanten. Han hadde meir på hjartet:

– Det har vore ein alarmerande folketalsnedgang spesielt på Sandsøya dei seinare åra. Er det nokon plan for å motverke dette?

I tillegg sakna Ekroll informasjon om korleis innføringa av fleire interkommunale samarbeid slår ut for Sande sin del. Han frykta dette i stor grad kjem andre kommunar enn Sande til gode.

Samband som konkurrerer

– Og korleis skal Sande kommune marknadsføre Norges mest attraktive industriområde som no tek form i Gjerdsvika, spurde han ordføraren og kommunestyret.

Ekroll meinte elles at det må reknast som uheldig at dei to fastlandssambanda over/under Rovdefjorden og Åramsundet driv og konkurrerer om ferjeavløysingsmidlar. Han sakna elles informasjon om kva som skjer med Sande Fastlandssamband.

Vaagen: Har fokus

Ordførar Dag Vaagen (H) gjorde det klart at han ikkje ville halde nokon forsvarstale mot Ekroll sine ankepunkt. Men:

– Når det gjeld politiske saker har vi i alle fall fått meir kontinuitet over arbeidet i hovudutvala, med fleire saker og meir aktivitet, sa Vaagen.

Han synte også til at spørsmålet om folketalsutvikling er sett på dagsorden, etter at det var oppe i formannskapet før jul, og seinare drøfta i kommunestyret.

– Vi håpte at Ole Helge Haugen frå fylkeskommunen skulle kome og orientere oss her i dag, men han kjem på komande møte i kommunestyret, varsla Vaagen.

Han avviste vidare at det ikkje vert jobba inn mot næringslivet generelt eller Sande Fastlandssamband.

Innan punktet turisme gav Vaagen Ekroll rett i at det vert jobba for lite.

– Ei utfordring er at vi ikkje har kommersielle aktørar innan turisme her i Sande. Men vi har Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Ekroll repliserte at han og Vaagen i teorien nok er samde, men streka under at «vi må gjere noko».