I to ulike saker på det siste kommunestyremøtet vart Sande si rolle i interkommunalt samarbeid drøfta.

Før politikarane gjekk laust på sjølve saklista, sette Einar Ekroll (V) fokus på fleire kommunale utfordringar.

Mellom anna hevda han at Sande kommune nærast ikkje har fått noko att av ei rekkje interkommunale samarbeid som har gitt regionen mellom 130 og 150 arbeidsplassar.

Alvorleg bekymra Muren

I ei sak der Sande kommunestyre sa ja til å la barnevernstenesta bli ein del av eit større barnevernskontor med Volda som vertskommune, tok Arnljot Muren (Ap) ordet:

Han rita opp: 42 arbeidsplassar i barnevern, 40 på IKT, 20 i SSR og 30 i NAV.

– Dette er i stor grad typiske kvinnearbeidsplassar som kan generere tilflytting. I dag må sjølvsagt både mann og kone vere i arbeid, sa Muren.

Han minte om ei sak frå formannskapet i november i fjor, der politikarane bad om eit oversyn over kva interkommunale samarbeid Sande er med i.

– Oversynet kom på bordet, vel og bra. Men vi bad også om ei fordeling mellom kommunane, korleis dette slår ut for oss. Det har vi ikkje fått, sa Muren. Han la til:

– No er det til dømes landbruk, brannvern og legevakt som vert drøfta. Om vi lener oss tilbake, utan strategiske planar for ein levedyktig kommune, kan vi like godt ta ned flagget med ein gong, sa Muren.

Han bad om at administrasjonen – eventuelt ordførar/rådmann - får fram tala som syner kva Sande «får» av å bli med i interkommunale samarbeid.

– Korleis ser de på dei fordelingane som er gjorde, spurde Muren, og la for eiga rekning til at «vi sit ribba tilbake!».

Vaagen: – Håpar det dryp noko på oss, også

Ordførar Dag Vaagen (H) sa seg samd i at det er viktig at også Sande sit att med «noko».

– Vi har også etterlyst det du spør om. Det skal opp som sak å eit felles møte med ordførarane og rådmennene i regionen i april. Men eg trur ikkje arbeidsplassane «renn ut». Likevel er det eit trykk i retning av…Vi håpar i alle fall å sitje att med ein del, sa Vaagen.

Han minna om vanskane med å få kommunane i regionen til å einast om kompromissløysingar. Vaagen nytta SSIKT (IKT-tenester, red. mrk.) som døme på slike vanskar, der Myrvåg var eit heitt lokaliseringsalternativ, før fleirtalet landa på Ulsteinvik.

– Mange vil på død og liv at slike arbeidsplassar skal svinge nedom senteret sitt, sa Vaagen, som la til:

– Vi er berre ei røyst av fleire. Men vi må håpe det dryp noko på oss, også.

Flatøy: – Kommunesamanslåing kunne ha hjelpt

Bjørn Flatøy (Sande Vest) meinte det er spesielt og interessant å sjå at dei som ikkje ynskte kommunesamanslåing no «skrik og ropar».

– Hadde det blitt samanslåingar slik eg og fleire ivra for, kunne vi ha fordelt arbeidsplassane og samarbeidd langt betre, sa Flatøy. Han frykta kommunen sit att med ein administrasjon som har berre seg sjølv å administrere.

– Eg registrerer at du har teke ned flagget, sidan kommunereforma ikkje kom i mål, repliserte Muren. Flatøy konstaterte på si side at Sande no gir frå seg arbeidsplassar utan å få noko tilbake.