Bergsøy møtte måndag FK Sykkylven til andre runde i OBOS-cup. Bergsøy opna som kjent den nye turneringa med 6-2-siger borte mot Guard, og målfesten heldt fram i den andre kampen mot Sykkylven.

Men det tok litt tid. I første omgang måtte herøyværingane nøye seg med eit mål, signert Dani Rønnestad Hansen. I andre omgang losna det elles skikkeleg, og Bergsøy vann til slutt heile 6–0. Nysigneringa Magnus Myklebust og den unge spissen Kestutis Riekasius scora begge to mål, medan Craig Stuart Rogers stod bak det siste.

– Vi har tatt små steg heile vegen, men eg såg store steg i kampen mot Sykkylven. Det var ein god prestasjon, der vi var veldig bra i andre omgang, seier Bergsøy-trenar Tommy Malins.

Samhandlinga i laget kjem seg

Trenaren vil gjerne trekke fram fleire positive teikn frå kampen mot Sykkylven.

– Vi har hatt mykje fokus på omstilling angrep- forsvar, og der såg vi stor framgang. Noko vi såg igjen då det var klare framsteg defensivt i denne kampen, seier Malins.

– Og Magnus Myklebust presenterer seg?

– Magnus viste positive teikn. Han har hatt veldig lite kamptrening då han ikkje har spela kamp sidan i fjor haust, men mot Sykkylven var han god.

Malins ser også at den offensive samhandlinga er på rett veg.

– Samspelet mellom Magnus, Craig, Franjo og «Jøsse» har blitt skikkeleg bra. Franjo har blitt ein skikkeleg lagspelar, seier Malins om spissen som framleis ikkje har scora i år.

Samtidig nyttar Malins høvet til å skryte av unge Vegard Håheim Elveseter (debuterte for A-laget) og Kristoffer Dahlstrøm, som begge klarte seg bra mot FK Sykkylven.

– Skal vere godt førebudd

Søndag er det duka for sesongens første ordentlege test, då Bergsøy møter Ørsta borte til første kvalifiseringsrunde til NM-cupen. Malins veit sjølvsagt korleis det gjekk med Bergsøy i NM i fjor, då laget kom til 2. runde og fekk møte eliteserielaget Kristiansund, etter å ha slått AaFK i den første runden.

– Det gjekk jo veldig bra i fjor, og spelarane veit kva som skal til. Vi vil sjølvsagt prøve å gjere det same på nytt. Men samtidig skal vi ha respekt for Ørsta som blir ein tøff motstandar. Vi må nesten ta ein kamp om gangen, meiner Bergsøy-sjefen.

Han meiner Bergsøy er godt førebudd, og forsikrar om at dei har heimetapet for Ørsta i fjor haust i minnet.

– Vi har snakka med spelarane om den kampen, og om kva som gjekk gale der. Samtidig har eg sjølv vore å sett Ørsta i tre kampar, og meiner vi er godt førebudd. Uansett, det blir ein veldig interessant kamp i Ørsta! No håper eg folk vil ta turen for å støtte oss, seier den nye Bergsøy-trenaren.

Han må klare seg utan Fredrik Muren, Roald Runde og Marius Sporstøl mot Ørsta. Daniel Jøsok Kvalsvik fekk ein liten smell mot FK Sykkylven, men er mest sannsynleg speleklar i god tid før kampen søndag.

Lagoppstilling Bergsøy mot FK Sykkylven (3-4-1-2):

Petter Meland Aasen–Trym Rekkedal, Espen Langlo Driveklepp, Sondre Nygård Olsen–Dani Rønnestad Hansen, Daniel Jøsok Kvalsvik, Jens Winsnes, Craig Stuart Rogers – Magnus Myklebust–Jakob Nerland, Franjo Tepuric.

Nytta innbytarar: Vegard Håheim Elveseter, Kristoffer Dahlstrøm, Thomas Sætre Hauge, Kestutis Riekasius.