Det var mange saker å ta stilling til då årets Forbundsting blei arrangert på Ullevaal stadion i helga. Mellom anna fatta forbundstinget vedtak om endring av seriestrukturen for kvinner, der det no skal vere ti lag i dei to øvste divisjonane, mot tolv tidlegare. I tillegg blei det gjort vedtak om at eit utval skal vurdere andrelaga si framtid i seriesystemet. Dette gjeld for både kvinner og menn.

Størst spenning lokalt var det derimot rundt forslaget om endring av reglane for nedrykk i tredjedivisjon og opprykk i fjerdedivisjon. Fotballforbundet la fram eit forslag om å kutte talet på lag som rykker ned frå tredjedivisjon frå 24 til 18, slik at det berre blir dei tre lågast plasserte laga i kvar av dei seks avdelingane som rykker ned. Tidlegare har fire lag rykka ned.

Konsekvensen av endringa ville vere at talet på opprykksplassar i fjerdedivisjon også blei redusert frå 24 til 18, noko som vil bety at Sunnmøre og Nordmøre/Romsdal fotballkrets må klare seg med berre ein opprykksplass.

Då Vestlandsnytt presenterte forslaget for Bergsøy-trenar Tommy Malins i februar, reagerte engelskmannen sterkt.

– Akkurat denne sesongen der Bergsøy har ambisjonar om å rykke opp, kan vi bli tvungne til å spele ei kvalifisering som kan avgjere heile sesongen. Det følast ikkje rettferdig, sa Malins mellom anna.

Lite støtte i tinget

Men då forbundstinget behandla saka søndag, viste det seg at Malins ikkje hadde spesielt mykje støtte. Heile 181 representantar stemte for fotballforbundet sitt forslag, medan berre 28 stemte mot. Dermed blei forslaget vedtatt, og Bergsøy får eit ekstra hinder i si jakt på opprykk til tredjedivisjon.

– Eg meiner akkurat det same no som tidlegare. Kanskje er det min engelske mentalitet som gjer at dette kjennest ekstra tungt, men slik eg ser dette, er det endå eit slag i trynet på fjerdedivisjonsklubbar, seier Malins.

Han vel likevel å vere positiv.

– Slik motgang tenner ein ekstra eld i oss til å jobbe endå hardare denne sesongen, seier Bergsøy-sjefen.

Opprykk frå fjerdedivisjon vil no bli avgjort gjennom ein kvalifiseringskamp mellom dei to avdelingsvinnarane i fylket.