Fredag ettermiddag kom meldinga frå Helse Møre og Romsdal om at gruppa som ser på organiseringa av det framtidige rehabiliteringstilbodet i fylket går vekk frå planane om å legge ned Mork rehabiliteringssenter i Volda. Dette fordi det rett og slett ikkje er forsvarleg å legge ned Mork rehabiliteringssenter.

– Både gjennomgang av ROS-vurderinga samt dei føreslådde kompenserande tiltaka viser at det ikkje er mogleg per no, seier konstituert klinikksjef Jorun Bøyum i Klinikk for medisin og rehabilitering, i ei melding på Helse Møre og Romsdal sine eigne heimesider.

ROS-vurderinga er ei risiko og sårbarheitsanalyse, og denne viser at nedlegging av Mork rehabiliteringssenter ikkje er forsvarleg.

– Resultatet av ROS-analysen har vore svært viktig for Mork rehabiliteringssenter, seier Roger Kvalsvik, fysioterapeut i Herøy kommune.

Kvalsvik har sjølv kjempa hardt for Mork sin vidare eksistens dei siste vekene. I januar gjekk han ut i Vestlandsnytt og var svært kritisk til forslaget om å legge ned Mork. Fleire av Kvalsvik sine sitat frå det intervjuet vart seinare nytta i prosessen for å bevare Mork rehabiliteringssenter, blant anna i Vanylven kommunestyre.

Kvalsvik besøkte også Herøy formannskap i førre veke, og var ein viktig faktor for at politikarane i Herøy i etterkant leverte ein uttale til Helse Møre og Romsdal der dei gjorde det klart at ei nedlegging av Mork rehabiliteringssenter vil vere uakseptabelt.

Kvalsvik er glad for den siste utviklinga i saka, men han tek ikkje sigeren på forskot.

– Inntil vidare ser Mork ut til å vere berga. Men eg tek eit atterhald i tilfelle dette berre er snakk om ei midlertidig utsetting. Samtidig er utviklinga sjølvsagt positiv, og det ser ut som fornufta sigrar, seier Kvalsvik då Vestlandsnytt tek kontakt med han laurdag.

Han omtalar det som fantastisk og ein stor dag for pasientane, om det viser seg at Mork no får leve vidare.

– Må få på plass ei langsiktig løysing

Kvalsvik er klar på at det viktige no er å få på plass ei langsiktig løysing.

– Blir Mork berre gitt ei kort levetid, vil folk framleis søke seg vekk. Det er viktig å få på plass ei langsiktig løysing, seier fysioterapeuten.

Han er samtidig klar på at dette er ei moglegheit til å køyre ein betre prosess, då han til tider var svært misfornøgd med den førre.

– I den prosessen var det sett ned ei intern arbeidsgruppe som ville bygge opp Ålesund sjukehus med både sengeplassar og stillingar, og samtidig legge ned Mork og Aure. Det heile skulle dei spare 10 millionar kroner på, men ti millionar er ingenting i ein slik samanheng. No har dei moglegheita til å gjennomføre ein ny analyse, og då må dei nytte seg av eksterne konsulentar slik at ein kan få gjort ei skikkeleg vurdering, meiner Kvalsvik.

Han har klare meiningar om den framtidige prosessen.

– Det beste er om Mork vert slik det er utan endring. Om ein skal gjere endringar må det førast ein vesentleg betre prosess, avsluttar Kvalsvik.

Framleis usikkert for Aure

Sjølv om ting ser veldig lyst ut for Mork rehabiliteringssenter er situasjonen framleis usikker for Aure rehabiliteringssenter. Styringsgruppa går framleis inn for å legge ned Aure, og det kan skje allereie i september i år.