Fredag morgon annonserte Forskingsrådet tidenes største tildeling av innovasjonsprosjekt i offentleg sektor der kommunar, fylkeskommunar eller statlege verksemder leder prosjekta og samarbeider med forskarane. Tildelinga er på i alt 130 millionar der dei fire nasjonale forskingsprogramma Forkommune, Helsevel, Transport og Finnut finansierer prosjekta.

I Forkommune var det berre 11 prosent av 47 søknadar (5 prosjekt) som fekk tilslag. Nasjonale ekspertgrupper har vurdert alle prosjektsøknadane. 20 støtteverdige prosjekt vart avslått fordi Forskingsrådet ikkje hadde fleire midlar. Likevel har Herøy kommune, saman med Sande, Ulstein, Hareid, Vanylven, NTNU, NGU og Runde Miljøsenter, kome seg gjennom nålauget og fått innvilga eit FoU-prosjekt. Dei får no 3 millionar kroner til sitt prosjekt som handlar om «presis kystsoneplanlegging med fokus på havbruk». Prosjektet har fått det forkorta namnet KystBruk. Herøy kommune står som prosjektansvarleg på det som er eit samarbeid mellom alle dei fem kommunane.

Prosjektet har fått tildelt midlar for to år, med prosjektstart frå 1. juli. I alt er det rekna til å koste 4 millionar.

Eit nyttig verktøy

Mona Gilstad er prosjektansvarleg. Ho fortel dei vart kjempeglade for nyheita om støtte, spesielt når ein ser på at dei har vunne fram i tøff konkurranse med landets største kommunar. Gilstad fortel oss deretter kva prosjektet går ut på.

– Vi sit på enorme mengder med data om kystområdet på Ytre Søre no, mellom anna dei høgoppløyselege, marine grunnkarta som dei fem kommunane tidlegare har fått utarbeidt for sjøområda sine. No vil vi ta data som dette saman med botnprøver og straummålingar og framstille algoritmar som kan fungere som eit verktøy som kan hjelpe arealplanleggarar å forvalte kystsonene på ein best mogleg måte, forklarar ho til Vestlandsnytt.

Det fyrste steget i dette arbeidet vil vere å gjere ekstra målingar og verifisere data dei allereie har. Planen er at ei forskargruppe skal gjere detaljerte målingar av ti forskjellige, utvalet stasjonar/punkt rundt om kring i havområdet på Ytre Søre. Ved å finne ut om data som ein allereie har stemmer, vil ein etter kvart også kunne teste og sjå kva typar havbruks som eignar seg i dei spesifikke områda. Deretter kam ein til dømes utvikle eit kartsystem, der ein vil kunne sjå kva type havbruk som eignar seg og kvar. Då treng ein ikkje ha mastergrad i marinbiologi eller vere oseanograf for å finne eigna stadar til forskjellige formål.

– Prosjektet er brukarstyrt. Det handlar rett og slett om å gjere det slik at samarbeidskommunane i endå større grad kan nyttiggjere seg av kunnskapen som dei allereie har samla inn. Resultatet ved prosjektet vil også ha overføringsverdi til alle andre kommunar med marine grunnkart, avsluttar Gilstad.