– Det var heilt fantastisk å sjå kor effektive dei kan vere, og for oss er det betryggande å få stadfesta at tryggleiken er til stades om noko skulle skje.

Uventa oppkalling

Det seier skipper Anders Remøy etter redningsøvinga som herøybåten fekk vere med på denne veka i starten på årets fyrste kolmuletur.

Remøy fortel at dei utan noko førevarsel blei oppkalla av hovudredningssentralen, som var ute etter ein båt i samband med innøving av nye folk. Herøyhav var då komen på høgde med Florø, og var den nærast tilgjengelege båten å få ei realistisk øving på.

– Det takka vi sjølvsagt ja til, seier Remøy, som for sin eigen og mannskapet sin del vil kalle øvinga særs vellukka og veldig interessant.

Variert øving

Det tok ikkje lange stunda før redningshelikopteret frå Florø var på plass over båten. Fyrst blei ein person fira ned frå helikopteret, så kom der ein til og til slutt ei båre med øvingsdokke som det blei jobba med i ulike situasjonar.

– Vi gjekk med 12 knops fart, og prøvde ulike kursar både mot vêret og med vinden inn frå sida. Det var bra med sjø også, og eg vil tru folka frå redningshelikopteret fekk godt utbyte av øvinga, seier Remøy.

Lenge å vente på loddenytt

Remøy fortel at dei bestemte seg for å ta ein kolmuletur etter å ha lege to veker og venta på positivt loddenytt frå Island.

– Vi tok med oss loddenota også i tilfelle dei skulle finne noko på Island. Men slik det ser ut trur eg neppe vi kan rekne med noko loddekvote der i år, seier han.

Framme laurdag

Då vi prata med Herøyhav onsdag hadde båten passert Shetland og hadde dermed lagt bak seg fyrste tredelen av seglinga fram til den internasjonale sona vest av Irland. Frå Fosnavåg er dette ein tur som tek om lag fire døgn. Remøy var spent på kva forhold som ville møte dei når dei var framme i løpet av laurdag.

Remøy fortel at dei akkurat hadde møtt ein fullasta Teigenes med kurs for Vedde. Leikvin var òg på segling etter å ha lasta opp, men skulle til Island der dei fekk betalt 2,45, eller ti øre meir enn Teigenes hadde fått. Ti øre på kiloen betyr ein meirverdi på 200.000 kroner for ein slik last.

– Greier vi å halde over 2,30 så må vi vere fornøgde, seier Remøy, som med ein kvote på 5500 tonn i så fall vil kunne innkassere 12-13 millionar kroner på kolmulesesongen 2019.

Kvoten håpte han å greie på tre turar, og satsa på å ta dei to siste i EU-sona. Etter det ser det ut til å bli ein roleg periode for Herøyhav.

– Det blir litt lite å gjere fyrste halvår om det ikkje blir noko loddefiske verken i Barentshavet eller på Island, legg Remøy til

Fleire på kolmula

Herøyhav var ein av fleire båtar som denne veka bestemte seg for å gå på kolmula etter at det drog ut med loddeopninga på Island. Dermed er både Smaragd, Leinebjørn og Herøyhav i gang, i tillegg til Teigenes og Leikvin som allereie har lasta opp. Fangstforholda har vore litt variable, men i alle fall for Teigenes gjekk det etter måten raskt å fylle båten.