Etter at Sigurd Teige slo frå seg planane om eit stort pelagisk fiskemottak på Mjølstaneset på seinhausten i fjor, har ordførar Arnulf Goksøyr ønskt seg meir informasjon om kva behov dei ulike reiarane og oppsitjarane på Mjølstaneset har i framtida. Og sjølv om ein del av reiarane var beskjedne på møtet, fekk ordføraren det signalet han var på jakt etter.

– Vi kan vel summere opp med at sjølv om bransjen har vore beskjedne, er det behov for å investere på Mjølstaneset både med tanke på eksisterande og framtidig næring. Eg trur vi skal behalde kai-pengane i budsjettposten, rådmann, sa Goksøyr før han heva møtet.

Mangel på kaier

Ordføraren oppmoda elles dei frammøtte om å kome med konkrete innspel på korleis kommunen kan bidra for å sikre auka aktivitet på Mjølstaneset. Fleire og lengre kaier verka å vere gjennomgangsmelodien.

– Til tider ser vi ein klar mangel på kaier. Til dømes er det ofte mangel på plass når brønnbåtane til Marine Harvest skal bruke kaiene til venting. I periodar blir det rett og slett for lite plass på Mjølstaneset, sa Stig-Arne Sævik frå Fiskarlaget.

Også Atle Storvik i Astorplast kunne fortelje at dei i enkelte tilfelle hatt utfordringar med å finne plass. Samtidig som dei gjerne sjølv kan okkupere ei kai over lengre tid.

– Har vi ein jobb som tek 14 dagar så okkuperer vi ei kai ganske lenge, sa Storvik.

Vidar Knotten frå Egersund Herøy peika på at dei har behov for ei utviding av eksisterande kai då aktiviteten er aukande.

– Vi treng større kai, då vi vil ha eit nytt lager på kaia. Det er også naudsynt med meir kaiplass for å kunne handtere trålarane, sa Knotten.

Mangelen på kaiplass var elles hovudbodskapen til alle reiarane og oppsitjarane som møtte på dialogmøtet. Då ein av dei uttalte at det aldri blir nok av kaier, nikka store deler av møtedeltakarane stadfestande.

– Ja, inviterer eg til kaiutbygging kjem vel alle, svara Goksøyr med eit smil om munnen.

– Problemet er at det har vore for lite kaikapasitet på Mjølstaneset frå byrjinga, kontra fiskarlagsleiar Sævik.

Kaiavgifta skaper problem

Paul Harald Leinebø var på møtet i kraft av sitt verv som styreleiar i Fiskebåt vest, og han fortalde at bransjen har mykje positivt å seie om Herøy, men at kaiavgifta skaper problem.

– Folk opplever det som positivt å kome til Herøy. Men det er ein mangel på servicetilbod, og kaiavgifta er eit viktig tema. Det er eit lite poeng at båtar bør kunne gjere eit kort «pit stop» når dei går forbi, meinte Leinebø.

Ordføraren forsikra om at dei kjenner problemstillinga, og at det er eit spørsmål for dei om kvar dei skal legge lista for kaiavgift.

Leinebø stilte også spørsmål om det er mogleg å få bygd ei kai uavhengig av etablering på land, då han meinte ordføraren knytte kaibygging opp mot etablering på land.

Goksøyr gav ikkje noko presist svar på spørsmålet, men han aviste heller ikkje tanken. Ordføraren meiner elles at etablering er det viktigaste.

– Nyetablering og etablering er det viktigaste vi legg til rette for. Vi vil ha tydelege stemmer på kva som er retninga, og så hadde det sjølvsagt vore fint om ein kan kombinere kaibygging på fleire område, sa han.

Goksøyr forsikra samtidig om at kommunen ikkje vil sette seg på bakbeina for konsept som involverer utbygging, i alle fall så lenge han er ordførar. Goksøyr går som kjent av etter valet i september.

Dei frammøte konkluderte elles med at det kunne vere ein god ide med eit årleg møte om utviklinga på Mjølstaneset, gjerne i regi av kommunen.