Ståle Rasmussen og Jan-Inge Sætre rykker opp frå assosierte partnarar til fullverdige partnarar og medeigarar i MRB.

– Begge har gjort ein solid innsats i viktige utviklingsprosjekt for kundane, kommenterer dagleg leiar Bjørn Gjerde.

Rådgjevingsselskapet har òg ambisjonar om å knyte til seg minst ein ny kollega i Ålesund.

Også i Bergen satsar MRB vidare etter at selskapet i fjor gjekk tungt inn som medeigar i Bedriftsmegling Vest.

– Med dette utvida vi både tenestespekteret og det geografiske nedslagsfeltet vårt, seier Gjerde i ei pressemelding.

MRB kan no bistå kundane i større grad med refinansiering, emisjonsprosessar og kjøp og sal av verksemder.