– Salet betyr at nye eigarar må reinvestere, eller leige utstyret som må til for at fryseriet skal kunne vere operativt. Dette har redusert verdien på anlegget, og det er klart at interessa for å byde på eigedomen har minka tilsvarande.

Det seier ein representant for ei gruppe som har snakka saman om å kjøpe anlegget med tanke på å nyttegjere seg frysekapasiteten på Moltu. Mellom anna har dei drøfta å få etablert ei klynge av bedrifter med tanke på eit leigesamarbeid som kunne dekke opp for manglande frysekapasitet ved eigne anlegg.

– Det er fleire av oss som periodevis treng meir frysekapasitet, og vi stiller oss undrande til måten ting her har blitt gjort på, seier han.

Selt av namsmannen

Utstyret som er selt har ifylgje advokat Jørund Knardal vore definert som ein del av driftsutstyret ved anlegget, og kjem dermed ikkje inn under den faste eigedomen som han har fått oppdraget med å selje. Knardal viser til at salet er gjennomført av namsmannen etter krav frå Innovasjon Norge.

I rapporten etter salet viser namsmannen til at det har vore stilt spørsmål om kva for gjenstandar som kjem inn under begrepet driftstilbehør, og som dermed kunne seljast stykkevis og delt. Konklusjonen var at utanom fryserom, frysetunnelar og kjølerom, var det meste av utstyret som skal til for å produsere kulde definert som salsvare. Herunder kjøle- og frysekompressorar, ammoniakktankar og tilhøyande rørsystem.

– Kva som er pantefesta og kva som tilhøyrer drifta, kan ofte vere ein vanskeleg grensegang, og avklaringane her er det namnsmannen som har gjort, seier Knardal.

Kjøpt av Sandanger-familien

Det er Edgar Sandanger sine tre systre, og ei niese, som har kjøpt utstyret gjennom selskapet Sandanger Invest As. Kjøpesumen på 1.330.000 kroner blei innbetalt til namsmannen sin konto for vel ein månad sidan.

Knardal viser til at utstyrssalet har vore klarert med Innovasjon Norge og Handelsbanken som er dei store kreditorane i samband med Sunsea-konkursen.

Til påstanden om at salet er eit hån mot dei andre kreditorane, viser Knardal til at salet vart gjort etter ein bodrunde der Sandanger-selskapet hadde det høgste bodet.

– Innovasjon Norge og Handelsbanken er dei store kreditorane, og med dei summane det her er snakk om skal det utruleg mykje til om det skal bli noko på dei som kjem lenger bak i leksa, seier han.

Salet lagt på is

Knardal slår fast at det definerte driftsutstyret ikkje har vore medrekna i verdivurderinga av den faste eigedomen som er taksert til 5,5 millionar kroner. Salet av den faste eigedomen er no lagt på is inntil vidare. Det er ein konsekvens av at eigedomsselskapet nyleg blei slege konkurs, noko som medfører at bustyret må gjere nokre avklaringar før salsprosessen kan avsluttast.

Siste bodet var ifylgje Knardal på 2,2 millionar kroner, eller under halvparten av takst.

Stor interesse

Knardal fortel at det er mange som har sagt seg interesserte i å legge inn bod på anlegget etter at salsprosessen er teken opp igjen. Og han har god tru på at det vil kome høgare bod enn det dei til no har fått inn.

– Eigedomen består av kai og store bygningar, og her er det mykje verdiar tilbake sjølv om ein del av utstyret er selt, seier han.