Bjørn Voksøy i P/R Flora seier det har blitt for tungvint å halde fram vidare åleine. Han og faren Sverre har difor selt fiskebåten «Flora» til Nesbakk-reiarlaget på Godøya.

Til ein pris Voksøy ikkje ønskjer å gå ut med, men som nok ligg på nokre-og-tjue millionar kroner, har dermed ein av dei gamle travarane på fiskefeltet segla ut av Sørøyane.

Av prisen utgjer torskekvota hovuddelen. Makrellkvota vart seld for nokre år tilbake. Den klassiske trekryssaren på vel 16 meters lengde vart bygd på Mjosundet i Aure i 1982.

Bjørn Voksøy, som har 35 års fartstid på båten, har ikkje umiddelbare planar for meir aktivitet: – Eg har i alle fall ikkje noko konkret i kikerten no. Håpet må vere at ungdomar får i sving noko meir innan fiskeri. Det hadde vore stas, seier han.