Frå og med februar var augelege Henning Sandsmark på plass ved Nordvestklinikk i Ulsteinvik som avtalespesialist. Det rykande ferske tilbodet er ein del av den offentlege helsetenesta, og det er Helse Midt som har bestemt at eit slik tilbod skal opprettast. Heimelen vart lyst ut i vår. For Sandsmark var dette ein fin måte realisere noko han allereie hadde vurdert ei stund.

– Ulsteinvik var den neste naturlege staden å starte opp eit slik tilbod. Eg merka det i mi tid på augeklinikken i Ålesund, då det var mange pasientar som kom reisande frå ytre søre, gjerne også med pårørande på slep, forklarar augelegen då Vestlandsnytt kjem innom klinikken på vitjing.

Enklare reiseveg

Og det er akkurat reisande som er stikkordet for dette ny tilbodet. Fram til februar har augepasientar på Ytre Søre vore nøydde til å reise til Ålesund eller Ørsta for å få hjelp hos ein augespesialist.

– Vi har mange pasientar her ut som no sparar mykje reisetid. Det er lettare at eg pendlar frå Ålesund, i staden for at 20 pasientar gjer det kvar dag, smiler Sandsmark.

Sandsmark er førebudd på at det truleg kjem til å ta ei stund før både fastlegar og lokalbefolkninga vendar seg til tilbodet.

– Men eg har allereie masse å gjere. Det viktigaste no er at folk blir klar over tilbodet.

Fyrst og fremst kontroll

Det er fyst og fremst kontrollverksemd Sandsmark driv med, men han kan også gjere enkel kirurgi.

– Eg har også ledige timar i dagsplanen for eventuelle akutt-timar. For meir krevjande kirurgi må pasientar framleis reise til Ålesund, forklarar han.

Får eige lokale etter kvart

Sjølv om Sandsmark no har kontor hos Nordvestklinikk, er planen å etter kvart flytte inn i eigne lokale i Ulsteinvik. Henning har kjøpt fyrst etasje i Convex-bygget i Ulsteinvik sentrum, ein stad han håpar å flytte til i byrjinga av 2020. Inntil vidare trivst augelegen i det allereie godt etablerte helsesenter med resepsjon og andre fasilitetar.