LGFK leia 1–0 ved pause etter ei scoring av Henrik Gjerde Sætre. I andre omgang snudde derimot Stian Bellen kampen for Vanylven, der den eine scoringa, ifylgje rapportane, skal ha kome etter eit frispark frå 25 meters hald, som Bellen sette i krysset. Men LGFK gav ikkje opp, og like før slutt, sette innbytar Markus Fuglseth inn 2-2, som også blei sluttresultatet.

– Som sist, fekk vi testa ut spelarar i ulike posisjonar og prøvd litt forskjellige variantar av formasjonen vi vil spele i år. Dette går litt utover spelet vårt, og vi manglar litt rytme. Gutane var også litt tunge i beina etter ein periode med hard trening, seier LGFK-trenar Anders Helsem Hoff.

For han betyr resultatet elles lite, men han tek med seg at laget viste framgang frå kampen mot Tornado Måløy (1-1).

– Men det var godt å sjå reaksjonen etter at vi hamna under. Uavgjort gir nok også eit rett bilde av kampen. Vi styrte det meste av spelet, men Vanylven var farlege på kontringane sine. Spesielt på høgresida var dei giftige. Vanylven imponerer, og slik eg ser det, bør dei vere klare favorittar i sjettedivisjon i år, seier Helsem Hoff.

LGFK-trenaren måtte denne gongen klare seg utan Aleksander Rekdal, som slit med ei mindre alvorleg skade. Meir bekymring er det rundt Oskar Gunnarstein og Anders Vaagen, som endå ikkje har fått trent i år. Helsem Hoff veit heller ikkje når han kan rekne med å ha veteranane tilbake på bana. På den positive sida er «Heimebane»-stjerna Ståle Remøy Pettersen no LGFK-keeper på ein fast avtale, etter å ha vore på utlån frå Bergsøy i 2018.

Vil ha fire-fem nye

Helsem Hoff ynskjer seg også fleire forsterkingar.

– Vi er i dialog med 4–5 spelarar. Eg vil ikkje seie for mykje om det i media, men det er snakk om spelarar som vil forsterke eit kvart lag i 4. divisjon, og så kan vi fortelje meir når dei eventuelt signerer.

Hoff meiner det er vanskelegare for LGFK enn enkelte andre klubbar i fjerdedivisjon.

– Vi kan ikkje tilby spelarane lønningar slik andre klubbar gjer, så for vår del handlar det om å finne spelarar med dei rette haldningane og verdiane, seier herøyværingen.

Lagoppstilling LGFK mot Vanylven: Ståle Remøy Pettersen – Jørn Olsen, Leiv Sindre Muren, Bjørn Vikanes, Eivind Torset, Henrik Gjerde Sætre, Martin Haanes, Karl Gerhard Bringsvor, Robert Vik, Sondre Voksøy Bringsvor, Tor-Jørgen Sætre Kleppe.

Innbytarar: Henrik Almestad Hauge, Lukas Fjørtoft Sandanger, Markus Fuglseth, Arjan Almestad.

Neste kamp for LGFK er heime mot Giske i OBOS-cup 28. februar.