Dette er noko vi har gledd oss til. No er vi den einaste leirduebana med flaumbelysning på Sunnmøre. Ut ifrå interessa her i kveld, kan det bli mange nye som fattar interesse for denne fine sporten, seier leiaren for leirduebana, Sivert Helland.

Det er fredag kveld, og vi er på Løkemyra skytebane på Leikongeidet. Det har teke til å bli mørkt ute, og på leirduebana står haglene oppstilte.

Denne kvelden har Herøy og Sande jeger- og fiskeforeining (HSJFF) invitert til offisiell opning av det som kan reknast som fylkets beste leirduebane. Det er fyrt opp bålpanner, kakene står klare for innhogg, og stemninga er fin.

Toppmann fyrte av

Mannen som får æra av det første skotet mot den godt opplyste leirdua som fyk utover mot myra, er Kenneth Espeseth.

Det vert spøkt om det på førehand, at det vil vere flaut om han bommar på det første skotet. Men 35-åringen treff!

Kenneth er heller ingen kven som helst innan leirdueskyting. Han snusar nemleg på ein plass på landslaget i leirdueskyting.

– Det vert nokre skot i løpet av eit år. Med denne bana kan vi trene året rundt, og det er eit stort framsteg. Samstundes håpar vi også at det vil rekruttere nye til dei ulike aktivitetane i laget, seier treffsikre Espeseth.

Godt oppmøte

Sivert Helland kan fortelje at det var «nokre-og-seksti» innom dørene på fredag. Mesteparten av desse prøvde seg på leirduebana. Mange av dei vitjande var også barn og ungdom, og ein tredjedel av dei besøkande var jenter eller kvinner.

– Eldstemann er over 85 år, og er framleis aktiv skyttar. Det er dette som er det fine med denne sporten, eller generelt når det gjeld aktivitetane til jeger– og fiskeforeininga. Dei passar nemleg for alle, seier Helland.

Mange av dei tilreisande fredag kom også med bubil, og det var berre vellæte å høyre frå dei langvegsfarande om anlegget i Løkemyra.

– Særskilt har vi fått skryt fordi vi har klart å få eliminert vekk slike skuggesoner som enkelte flaumlysbaner er er hefta med, seier Helland til Vestlandsnytt.

Innan leirdueskyting vert det operert med to greiner; jegertrap og nordisk trap. Skilnaden er storleiken på sektorane som leirdua vert slynga ut i.

Sponsorar og aktivitetar

HSJFF har i høve flaumlysprosjektet fått fleire sponsorar med på laget. Luminell sponsa lysanlegget som består av seks lampar på til saman 1.060 watt, og som yter 80.000 lumen. I tillegg har Pro:arbiro sponsa premiar, og Astorplast på Mjølstaneset har også bidrege med positivisme og utstyr.

Utanom leirduetilbodet var det også natursti, luftgeværskyting og grilling av pølser denne fine februarkvelden.

Endå ei leirduebane

Den første skytebana som vart realisert i Løkemyra er ei toppmoderne DFS-skytebane i full storleik, med tilhøyrande klubblokale. For ti år sidan vart leirduebana realisert. No er det planar om endå ei leirduebane, slik at «haglefolket» kan skyte på to baner samstundes.

– Om alt klaffar, kan den andre leirduebana bli ferdig allereie i år, seier Sivert Helland.