– Eg burde ha vore meir vaken og minna formannskapet på våre etiske prinsipp som seier at kritikk av administrasjonen skal rettast til rådmannen. I staden gjekk det utover ein av våre planleggjarar, noko som er svært uheldig, seier Kopperstad.

Det var i førre formannskapsmøte at varaordførar Camilla Storøy (KrF) og Tine Storøy (H) uttrykte misnøye med at administrasjonen i ei byggesak valde å ikkje orientere tiltakshavaren om ei omregulering av byggeplanane. Tine Storøy omtalte situasjonen som provoserande, medan Camilla Storøy stoppa seg sjølv halvvegs, i frykt for å kome i avisa. Hardast i kritikken var det derimot ordførar Arnulf Goksøyr (H) som var.

– Eg reagerer grufullt sterkt på at kommunen ikkje sender svar og reguleringsendringar til tiltakshavar, sa Goksøyr først.

Jens Terje Johnsen (Ap) gjekk deretter ut mot ordbruken som var brukt, og retta spesielt kritikk mot ordføraren og bad han om å unnskylde seg overnfor den aktuelle planleggjaren.

– Eg kan ikkje unnskylde arroganse. Når vi kommuniserer med våre innbyggjarar skal vi tale deira sak. Det er ei arrogant haldning når kommunen omregulerer ein plan utan å gi tilbakemelding til tiltakshavar. Eg ville opplevd det som arrogant personleg, svara ordføraren då.

Tilsette skal ikkje omtalast negativt

Rådmannen viser til dei gjeldande etiske prinsipp for politikarar og tilsette i Herøy kommune. Der står det mellom anna:

«Vi som folkevalde og tilsette på alle nivå har eit sjølvstendig ansvar for å sikre at framferda vår er i samsvar med kommunen sine etiske prinsipp og verdiar»

Vidare heiter det i paragraf 7a, som går på deira ansvar som arbeidsgjevarar, at folkevalde skal vere medvitne sitt arbeidsgjevaransvar og opptre profesjonelt som arbeidsgjevar. Kritikk og attendemelding til administrasjonen skal rettast til rådmannen. Dei tilsette skal ikkje oppleve å verte omtala negativt i kommunestyret eller i media.

Eventuelle brot på dei etiske prinsippa skal bli behandla etter paragraf 7d. Den seier fylgjande:

«Dei etiske prinsippa er forankra i politisk vedtak, ulike regelverk og retningsliner. Brot på dei etiske prinsippa vil verte handsama som ei personalsak, med tilsvarande personalreaksjonar for tilsette».

Rådmannen har likevel ikkje mynde til å opprette ei personalsak mot Goksøyr eller nokon av dei andre folkevalde.

– Når det gjeld sanksjonar, gjeld dei for dei tilsette. Kommunen har ikkje sanksjonar overfor dei folkevalde. Her må dei folkevalde sjølve ta ansvar, kommenterer Kopperstad.

(Brot på etiske prinsipp og eventuelle personalreaksjonar er ikkje ei aktuell problemstilling i ei sak der administrasjonen blir omtala av dei folkevalde. Dette siste er tilføya etter at saka, som står på trykk i papiravisa tysdag, gjekk i trykken. Red. mrk.)