Ulstein og Sande har i 2019 og 2020 fått plass i utviklingsprogrammet til Norsk kulturskuleråd. Det opplyser Sande kommune.

«Korleis kan vi heile tida utvikle kulturskulen – til beste for både dei tilsette og elevane? Det skal vi søke svar på gjennom eit nytt program», heiter det på kommunen sine heimesider. Her heiter det vidare:

– Kommunane og Ole Jakob Nedrebø frå kulturskulerådet var nyleg samla i Ulsteinvik for å starte samarbeidet. Programmet er eit tilbod til kommunar som vil etablere eit permanent arbeid med å utvikle kvaliteten i kulturskulen.

– Kulturskulerektorane Julianne Hauge i Ulstein og Susann Worren Hauge i Sande ønsker at satsinga skal utvikle engasjementet for å utvikle kulturskulane blant dei tilsette og skuleeigarane ein kollektiv undervisningskultur i tråd med rammeplanen ein lærande organisasjon.