Det siste året har det vore store diskusjonar om oppsamling av granulat frå kunstgrasbaner. Tjørvåg IL ønskjer ikkje å vente på eit stortingsvedtak som pålegg eigarar av baner å etablere tiltak for å hindre granulatflkt. Laget har difor gått til innkjøp av ti slike fangarar til Tørvåg stadion.

–Vi ønskjer å vere i forkant med innsamling av granulat, seier leiar Åsmund Eide i Tjørvåg IL.

Kommunalt anlegg

Eide håper at også kommunen vil sjå det positive i tiltaket med å minske forureininga frå kunstgrasbana i Tjørvåg. Sidan kommunen også er eigar av bana, har laget sendt fakturaen vidare til kommunen med oppmoding om kommunal dekning.

Dei ti granulatfangarane har kosta tett på 80.000 kroner.