Etter diskusjonen om Jetmund Runde sine planar på Runde (sjå eiga sak), var stemninga på tysdagens formannskapsmøte allereie litt trykka då saka om reguleringsendring for byggeprosjektet på Bergshaugen nord kom opp. Opphavleg skulle det byggast einebustadar i området, men etter eit seinare vedtak i saka blei området omregulert til å gjelde firemannsbustadar. Omreguleringa vart påklaga av fleire titals naboar, der største årsaka for klaga var trafikktryggleiken. Administrasjonen har seinare gjort tiltak for å betre trafikktryggleiken i prosjektet, men utan å varsle tiltakshavaren. Det er kjernen i det som utvikla seg til ein heftig diskusjon.

Varaordførar Camilla Storøy (KrF) byrja, om enn litt forsiktig.

– Eg kjenner eg blir opprørt av denne saka, då det er mange som protesterer. Mange frivillige har lagt ned ei stor arbeidsmengd i området. Skal vi verkeleg øydelegge det? Og no er det faktisk slik at det vi treng på Bergsøya er einebustadar, skal vi ikkje legge til rette for det? Eg meiner administrasjonen har kome med eit godt tiltak, men dei burde kanskje ha sagt frå til tiltakshavar om endringar. For … nei, eg skal ikkje seie noko meir, for eg vil ikkje i avisa, sa Storøy.

Provoserande

Ordførar Arnulf Goksøyr (H) var derimot ikkje redd for å kome i avisa.

– Eg reagerer grufullt sterkt på at kommunen ikkje sender svar og reguleringsendringar til tiltakshavar. Vi må faktisk gå i dialog med tiltakshavarane, sa ordføraren.

Partifelle Tine Storøy var ikkje mindre kritisk.

– Eg er veldig einig med ordføraren. Eg blir provosert av at administrasjonen ikkje har gått i dialog med tiltakshavar, sa ho.

Kjell Runde (Folkelista) meinte det rette å gjere no, var å utsetje saka til tiltakshavaren har fått kome med tilsvar. Noko eit samla formannskap stilte seg bak.

– Gjort ein stor urett

Jens Terje Johnsen (Ap) var derimot ikkje klar for å sleppe saka heilt.

– Eg føler det er gjort ein stor urett. Saksbehandlarar som kjem hit blir møtt med eit sinne. Dei fortener å bli møtt med respekt. Så vidt eg forstår har dei lova på si side om at dei har gjort jobben sin. Dei skulle ikkje blitt reagert mot slik som dei blei. Dei fortener ei unnskyldning, meinte Johnsen.

– Kan ikkje unnskylde arroganse

Ordføraren såg ikkje behov for å beklage seg.

– Eg kan ikkje unnskylde arroganse. Når vi kommuniserer med våre innbyggjarar skal vi tale deira sak. Det er ei arrogant haldning når kommunen omregulerer ein plan utan å gi tilbakemelding til tiltakshavar. Eg ville opplevd det som arrogant personleg, sa Goksøyr og la til at han trudde formannskapet skulle drive politikk.

– Dette er i høgste grad politikk. Vi må oppføre oss, meinte Johnsen.

Kjell Runde (Folkelista) såg behov for å steppe inn som «ordførar».

– No bør vi avslutte denne diskusjonen og gå til saklista, meinte Runde.

Ole Brubakk (KrF) var einig.

– Det er vel så enkelt som at det skulle vore informert betre. Meir er det ikkje å seie om den saka, meinte han.