Under restaureringsperioden vil alle gudstenester som er planlagt i Indre Herøy kyrkje, bli haldne i Leikanger kyrkje.

– På høg tid

Indre Herøy sokn/Herøy kyrkjelege fellesråd har i mange år jobba for å få til finansiering av det soknet sjølv omtalar som «sårt tiltrengt rehabilitering av Indre Herøy kyrkje».

– Kyrkja var sist måla innvendig i 1968, så det er 51 år sidan sist måling og på høg tid, skriv dei i ei pressemelding.

I tida etter 1968 har det vore gjort diverse dugnad for å halde ved like det mest synlege.

– No gler vi oss til kyrkja skal stå fram som skikkeleg fin, heiter det vidare.

Haddal sin dekor vert utbetra

I tillegg til å måle kyrkja innvendig, skal Johan Haddal sin dekor frå 1921 også verte ettersett og utbetrast.

– Sokneråd og fagfolk har arbeidd med kartlegging av fargane slik vi kjenner dei i dag, og etter at kyrkja er ferdig rehabilitert vil ho ha same fargane som ho har i dag, skriv kyrkja.