Når den andre sesongen av NRK-suksessen Heimebane byrjar på søndag, har Varg IL fått seg ny målvakt; ei målvakt som har stått mellom stengene på stadionanlegget i Ulsteinvik før. For det er nok nettopp som keeper han er best kjent den dag i dag. Men frå søndag av er Ståle Remøy Pettersen (19) frå Herøy ein sentral skodespelar i ein av Norges mest populære dramaseriar.

Han var sjølv ein ivrig sjåar då den første sesongen av Heimebane engasjerte store delar av Norges befolkning i fjor vår. Historia om den kvinnelege eliteserietrenaren Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp), den avdanka superstjerna Michael Ellingsen (John Carew), det angstramma stortalentet Adrian Austnes (Axel Bøyum) og mange fleire karakterar med interessante historier imponerte både filmkritikarar og den «anonyme mannen i gata».

At handlinga fann stad i Ulsteinvik gjorde berre serien endå meir interessant for oss på Søre Sunnmøre. Og kor mange av oss kommentere det vel ikkje då Adrian Austnes plutseleg jogga forbi Coop-butikken i Tjørvåg?

– Sjølv meiner eg den første sesongen var veldig bra. Det å få vere med på sesong to er skikkeleg stort for meg personleg, smiler Ståle.

Kontrastane i livet

Om vi går litt over ei veke tilbake i tid, så var herøyværingen Ståle Remøy Pettersen å finne i rampelyset på Ullevaal stadion i Oslo, saman med ikkje heilt ukjente folk, som Ane Dahl Torp, John Carew og Axel Bøyum. Oppdraget var eit pressetreff i forkant av den nye sesongen av Heimebane, som byrjar på NRK komande søndag, 17. februar.

Då Vestlandsnytt møter Pettersen er det ikkje mykje som minner om verken skodespelarar eller pressetreff. Vi treff Ståle i det han er på veg til ei lita matpause i brakka på Vågsholmen, rett utanfor Fosnavåg sentrum. Han er ein av bygningsarbeidarane som er ute i vintervêret og gjer sitt ytste for at det nye bustadprosjektet på Vågsholmen skal bli ferdig til rett tid.

– Det er jo sjølvsagt litt merkeleg å gå frå å vere her og jobbe til plutseleg å  vere med i ein TV-serie. Eg fann ein balanse som gjorde at eg kunne jobbe på byggeplassen og deretter reise til Oslo eller Ulsteinvik for å jobbe på settet. Men litt spesielt var det jo, ler Ståle.

Ingeniør eller skodespelar?

Jobben som bygningsarbeidar er uansett berre mellombels. Ståle har eit friår etter vidaregåande. Eigentleg har han tenkt å bli ingeniør. Men no vedgår han at han har fått smaken på skodespelar-livet.

– Når ein får ein sjanse, slik som eg fekk no, så gir jo det heilt klart meirsmak. Kjem det eit nytt tilbod, vil eg sjølvsagt vurdere det, seier Ståle.

At han i det heile tatt skulle vere i posisjon til å vurdere ei skodespelarkarriere er i seg sjølv svært overraskande for den unge herøyværingen.

– Det kom som eit lyn frå klar himmel. Hadde nokon komme til meg for to år sidan og sagt at det her kom til å skje, så hadde eg sjølvsagt trudd det heile var kødd. Heile greia er jo heilt surrealistisk, smiler Ståle.

– Men korleis enda du eigentleg opp i Heimebane?

– I forkant av den første sesongen var dei (serieprodusentane, red. mrk) på Høddvoll og leita etter karakterar. Då var eg tilfeldigvis på trening med Hødd. Dei spurde om dei kunne halde ein audition for å sjå om det var nokre som kunne vere aktuelle for serien. Eg bestemte meg for å prøve, og kom litt på veg, men det blei til slutt ikkje noko der. Men då innspelinga av sesong to skulle byrje, ringde dei meg. Dei ville ha meg med på nye auditionar, først gjennom ei runde, så ei til, før eg blei sendt til Oslo for ei tredje runde. Deretter gjekk det ei stund, og eg hadde eigentleg gløymt heile greia, då dei plutseleg tok kontakt ein dag. Eg hadde fått rolla som Kasper i Heimebane!

«Kasper»

Ståle Remøy Pettersen skal altså spele rolla som Kasper, Varg sin nye sisteskanse. Ståle kan ikkje seie for mykje om den nye karakteren, men røper likevel litt for lokalavisa:

– Kasper er ein kar som er i den alderen der han prøver å finne ut kven han er og kva han vil. Kanskje litt som meg, sjølv om eg ikkje kan relatere til alt, meiner Ståle.

– Får vi sjå Kasper allereie no på søndag?

– Ja, det gjer de. Så 17. februar må alle sitte ved skjermen, oppfordrar Remøy Pettersen.

Ståle fortel vidare at første dagen som Kasper gav han ei «aha»-kjensle.

– Alt var mykje større enn eg venta. Folk var heilt profesjonelle, og så blei eg kasta inn i det heile. Eg kjende med ein gong at dette var noko heilt nytt, og at dette verkeleg var skodespel på eit høgt nivå. Heldigvis blei vi tatt godt imot, og vi hadde erfarne skodespelarar som var der for oss og gav oss gode råd, seier Ståle, som siktar til den opplevinga han og dei to andre nye skodespelarane, Nivethan Senthurvasan og Bendik Mauseth, hadde første dagen på innspeling med dei etablerte Heimebane-kollegaene.

– Føler oss som eit ekte fotballag

Nettopp kollegaene har vore viktige for Ståle i hans nye karriere.

– Det har vore utruleg kjekt å få jobbe med så dyktige skodespelarar. Samtidig er dei skikkeleg flotte personar som eg har hatt det kjekt saman med, både på og etter jobb, skryter Ståle.

Etter kvart vart dei ein skikkeleg samansveisa gjeng.

– Spesielt fotballaget. Vi føler oss som eit ekte fotballag der vi sit i garderoben og gjer oss klare til kamp. Det er garderobesnakk, og vi girar oss opp til opptak. Og så kjem Ane (Dahl Torp, red.mrk) inn og er heilt sjef. Det blir skapt ei stemning som gjer at du kan leve deg skikkeleg inn i det.

– Trenarrolla handlar ikkje om kva kjønn du er

Ane Dahl Torp sin rollekarakter, Helena Mikkelsen, har hovudrolla i serien. I serien blir Mikkelsen den første kvinnelege hovudtrenaren i Eliteserien for den fiktive Ulsteinvik-klubben Varg IL. Ståle Remøy Pettersen meiner det er heilt uproblematisk at ei kvinne kan vere hovudtrenar for ein herreklubb på toppnivå.

– Eg ser det som heilt naturleg at ei kvinne kan trene eit herrelag. Trenarrolla handlar om kva du har oppe i hovudet, og ikkje kva kjønn du er.

– Korleis stod Helena Mikkelsen fram som trenar?

– Eg kunne godt ha tenkt meg at ho var trenar på ekte, det var heilt overbevisande når ho stod der å heldt «trenartalen» sin. Eg hadde lytta til alt ho sa om ho var trenaren min, ler Ståle.

– Fjerdedivisjon er den beste divisjonen

Når Ståle no trer inn i rolla som Varg-keeperen «Kasper», får han på sett og vis oppfylt draumen om å spele i Eliteserien. Men den unge målvakta, som har spela fotball for både Bergsøy og Hødd på ungdomsnivå, håper først og fremst på ein god sesong med Larsnes/Gursken FK, laget han spela for i 2018, medan han ikkje var oppteken med «eliteseriespel» for Varg.

– Det er vel alle sin draum å spele i Eliteserien, og det har i alle fall vore kjekt å late som eg har gjort det. Men akkurat no har eg fokus på LGFK og fjerdedivisjon, den beste divisjonen!

(Remøy Pettersen var i 2018 på utlån i LGFK frå Bergsøy, ein avtale som truleg blir gjort permanent i løpet av kort tid, red. mrk.)

– Håper folk blir fornøgde

Avslutningsvis vil Ståle Remøy Pettersen oppfordre både herøyværingane og sandssokningane til å følge med, og så håper han folk blir fornøgde med det han leverer på skjermen.

– Sjølvsagt håper eg at folk her i området blir fornøgde, og det har eg også ei kjensle av at dei blir, seier Ståle.

– Håper du å bli kjendis i samband med Heimebane?

– Nei, det veit eg ikkje. Det som skjer, det skjer, avsluttar herøyværingen som heile Norge kan sjå på NRK1 søndag kveld.