Sande brannvesen var raskt på staden. Tankbilen frå Herøy kom også for å assistere i arbeidet.

Røykdykkarar leita gjennom huset og kunne konstatere at der ikkje var folk. Den einaste som var der redda seg ut sjølv.

Vitne på staden kunne opplyse om at det ikkje var synlege flammar frå utsida, men at det var mykje røyk.

– Det var ein person i kjellaren i bustaden, men vedkomande redda seg ut. Ingen er skada, det opplyste John-Rune Lillebø ved 110-sentralen til Vestlandsnytt klokka 13:05.

Han kunne ikkje seie noko om årsaka til brannen.