– Det er rett å seie at vi no er styrka i trua på eit gjennomslag i saka, seier ordførar Dag Vaagen.

Det skjer etter at ein delegasjon frå Sande kommune denne veka møtte fiskeriminister Harald Tom Nesvik i Oslo.

– Fiskeriministeren uttrykte stor forståing for vår sak, samstundes som det verkar som at han har sansen for vår prinsipielle tilnærming til saka, legg Vaagen til.

Stimulere til optimalisering

Ordføraren syner her til Sande kommune sin fokus på at Havbruksfondet skal stimulere til at kystkommunane samarbeider om å optimalisere arealdisponeringa, mellom anna gjennom å få fram dei beste lokalitetane.

Utsendingane Vaagen, rådmann Oddbjørn Indregård og Kjartan Bleie frå Frp synte ikkje minst til arbeidet med ein felles kystsoneplan for kommunane på Ytre Søre Sunnmøre.

– Fiskeriministeren varsla at han vil ta gjennomgang av alle sider ved saka, med sikte på forbetringar av praksis, jamført med hovudkriteria for tildeling frå fondet, seier Vaagen til Vestlandsnytt.

Han har i etterkant av møtet stor tru på at dette arbeidet mellom anna vil gje svar på om noko av saksgrunnlaget må tilbake til Stortinget for eventuelle endringar.

– Etter møtet har vi grunn til å tru at ved seinare utbetalingar frå fondet vil vi, og andre kommunar i liknande situasjon, få rettmessig utbetaling frå fondet, seier han.

Håpar på etterbetaling

Sande kommune signaliserer dessutan at det er håp om at ein ny gjennomgang av saka kan føre til at dei kommunane denne problemstillinga gjeld – truleg fire-fem i talet – kan få etterbetalt midlar dei «har gått glipp av».

I fylgje våre opplysingar kan problemstillinga Sande har reist, knyte seg til nokre få andre kommunar. Dei kan ha gått glipp av åtte-ti millionar kroner frå fondet i 2018, viss det syner seg at argumentasjonen fører til handling frå øvste hald.

Midtpunktet avgjer?

I Sande/Herøy fekk Herøy i 2018 all utbetaling frå Havbruksfondet, relatert Marine Harvest sitt anlegg ved Voldneset/Laupen. Grunngjeving frå direktoratet – etter ein klage frå Sande – var at kommunen som har midtpunktet i anlegget, som skal ha all utbetalinga. I dette tilfellet vel 4,5 millionar kroner.

Som kartet syner, ligg midtpunktet av dette anlegget akkurat over på Herøy si side av grensa.

Tilnærminga frå Sande si side er føreteken på prinsipielt grunnlag, og er i fylgje Vaagen ikkje retta mot nokon part. Etter det Vestlandsnytt har grunn til å tru, kan eventuelle ekstramidlar kome i tillegg til dei utbetalingane som allereie er gjorde.

– Må vere rettferdig

– Vi har tru på at dette ordnar seg, i alle fall for ettertida. Det er heller ikkje kvart år det kjem utbetalingar frå Havbruksfondet, og vi har vore tydelege på at utbetalinga må vere rettferdig – i relasjon til at kommunane i regionen samarbeider om arealbruken til sjøs.

– Då kan det ikkje vere reine tilfeldigheiter kven som blir løna for slik tilrettelegging. Slik eg skjønar fiskeriministeren er det heller ikkje intensjonen at det slår såpass skeiv ut som det gjorde i vårt tilfelle, seier Vaagen til Vestlandsnytt.

Samla utbetaling til kystkommunane frå Havbruksfondet i 2018 var 2,7 mrd. kr.